søndag 2. juli 2017

Brynjulf Jung Tjønn: Alt det lyse og alt det mørke

Endå ein gong kjem Brynjulf Jung Tjønn med ei stillferdig og samtidig sterk bok. I "Alt det lyse og alt det mørke" er det først og fremst Vibeke som er hovudperson, og vi får innblikk i både lyse og mørke minner frå hennar barndom, ungdomstid og vaksen alder.

Forteljinga startar med at dottera Hildegunn oppdagar at ho er gravid, og kjem på besøk til mora. Ho har ikkje treft mora sidan ho var lita jente, men no søker ho tilbake til røttene. Kanskje ynskjer ho å forstå litt meir av det som skjedde den gongen dei kom og henta henne og dei ikkje lenger kunne bu saman.

For å forstå, må vi vite kva som styrer Vibeke sine handlingar og tankar, og gjennom alle glimta i boka, både gjennom det som vert sagt og det som vi berre må gjette oss til, får vi teikna eit meir komplett bilete av henne. Det heile kulminerar i ei drastisk hending som vert eit før og eit etter i både Vibeke og Hildegunn sine liv.

Tjønn beherskar språket godt, og skriv aldri meir enn det som er absolutt naudsynt for å få fram forteljinga. Kapitla er korte, og det er mykje luft på sidene. Dette er med og lyftar fram det knappe og poetiske språket.

Det einaste som irriterar meg, i alle fall i starten av lesinga, er den konsekvente bruken av orda "noe" og "mye". I eit ellers vakkert nynorsk språk, verkar bruken av desse to orda som forstyrrande element i heilskapen.

Boka inneheld ei vakker og sår forteljing, og er absolutt ei forteljing du bør ha med deg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar