tirsdag 6. juni 2017

Lars Mæhle: Den stille flokken

Ei snart forelda drapssak kjem fram i lyset att, samtidig som ein psykiatrisk pasient rømmer frå Hagaheimen og to eldre søstre vert funne drepne i utmarka.

Ina Grieg vert involvert i endå ei mystisk kriminalsak, og med seg på laget får ho den tidlegare etterforskaren Hugo Fannrem og politikvinna Jenny Solem. Saman prøver dei å nøste ihop dei ulike trådane, og spora fører dei blant anna til Svanviken arbeidskoloni på Nordmøre. Der får dei kjennskap til ein av taterfamiliane som blei tvangsbusett, med truslar om å bli fråtekne borna.

Samtidig dukkar det opp nokre mystiske personar som kallar seg Dei fantastiske fire; Den usynlege kvinna, Tingen, Fakkelen og Mister Fantastic. Ina Grieg kjem også borti ein som vert kalla for "Intendantens barn", og mørke skuggar frå fortida er i ferd med å bli henta fram i dagen.

Lars Mæhle har igjen skrive ei intens og dramatisk krimbok, der det psykologiske spelet er vel så viktig som dei faktiske hendingane. Mysteria vert avslørte eitt om gongen, og samtidig får vi som lesarar innsikt i eit av dei mørkaste kapitla i moderne norsk historie. Ein kort faktatekst etter sjølve forteljinga gjer greie for kva i teksten som er bygd på historiske hendingar, og det er ei djupt rystande verkelegheit vi her får kjennskap til.

Dette er ei bok det er vanskeleg å leggje frå seg, og når du først gjer det, sit du tilbake både litt klokare og sannsynlegvis ein smule indignert over råskapen vi menneske ofte møter kvarandre med. Det gjorde i alle fall eg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar