søndag 18. juni 2017

Ikkje berre





stemma i øydemarka
er klar
som vårens siste snøfall

stille dekkjer den bakken,
skjuler verda
under sitt mjuke teppe

og det surklande vatnet
i slapset
varslar om andre tider;

eg er berre ei stemme
som vitnar
om underfulle ting som kjem

eg er berre eit menneske
i verda
Han skapte med sine ord

eg er berre eit spirande frø
eit barn
av den evige sommaren

eg er berre ein tenar, ei hand
ein fot
som går der min Konge ynskjer

men ikkje berre det –

nei, eg er ein ektefødt son
ein arving
hos kongen over alle kongar



Matt 3, 11: 
Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar