fredag 19. mai 2017

Eka Kurniawan: Skjønnhet er et sår

Kurniawan kjem her med eit friskt, litterært pust. Den indonesiske forfattaren har ein skrivestil som er både humoristisk, sår og brutal på same tida, og han legg ingenting mellom når han skildrar skuggesidene i menneskenaturen.

Boka startar med at den tidlegare prostituerte Dewi Ayu står opp frå grava etter å ha vore død i 21 år. Ho kjem for å ordne opp i familieproblema.

Vidare tek boka oss med på ei mangslungen og kronglete reise i forhistoria til Dewi Ayu og barna hennar. Vi møter den for lenge sidan avdøde ektemannen, vi møter svigerbarn, barnebarn, vener og fiendar. Alt saman er sydd elegant saman til ei historie som fangar lesaren og dreg ein stadig lenger inn mot kjernen av forteljinga. I siste kapittel er det som forfattaren zoomar litt ut, og viser fram heile bildet på ein gong. Først då forstår ein korleis dei ulike forteljingane heng saman, og kvifor Dewi Ayu har teke dei vala ho har gjort.

"Skjønnhet er et sår" gir eit innblikk i Indonesisk kultur og historie, men har samtidig mange trekk frå eventyrsjangeren, med overnaturlege innslag. Det er ikkje utan grunn at skrivestilen vert kalla for magisk realisme. Tema som svik, overgrep og kjærleikssorg er sentrale, og slik eg tolkar romanen, har forfattaren ein del klare bodskap å komme med. Eka Kurniawan serverer ein god dose filosofi iblanda fiksjonen, og her er mange ting ein kan tolke og fundere på medan ein les!

På grunn av eit noko valdeleg og seksualisert innhald, passar nok boka best for vaksne, modne lesarar.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar