søndag 1. januar 2017

Guri Sørumgård Botheim: Heime mellom istidene


Dette er ei personleg diktsamling, der forfattaren skriv om sin eigen livssituasjon - eller livssituasjonen til den som er hovudperson i boka. Samlinga er delt i tre deler, der den først og siste delen er skrive på dialekt.

Tema i dikta kan kort oppsummerast i ordet "heim", og det handlar både om heimbygda og barndomsheimen, om å vere heime der ein bur og om å vere heime saman med nokon ein er glad i. Som bakside til same tema, er også saknet tydeleg i dikta: Det å sakne barndomsheimen, det å sakne sin eigen heim når ein er borte (eller kanskje til og med når ein er der) og det å sakne bestemte menneske.

Sjølv om dikta er (tilsynelatande) personlege, tek dei opp tema det er lett å kjenne seg att i. Dei fleste av oss som er vaksne no har opplevd å flytte heimefrå og skulle etablere sin eigen heim.

Personleg syns eg det var spennande å lese dikta på dialekt. Det skapte ein eigen nærleik til teksten, og eg kom nærare innpå forfattaren. Men også den midterste delen er fin, og forfattaren har god evne til å formidle nære og kvardagslege situasjonar på ein fin måte. Her er mange flotte språklege bilder og nydeleg bruk av nynorsk.

Eksempel på dikt frå den første delen av boka, som altså er skrive på dialekt:

e heimen et bilde
tå den som bur der?

nei
heimen ser en ikkje sjøl
korlesen ser ut

heime e der
en ser
frå

heime e der
minnet kvile

i den myrke gangen treffe hånde ljosbrotarn
lampa lyse upp
det du allereie visste

joggesko gamasjo
skjerf huve hugulykt

heime e det trongt inne
og oendele med plass ute

heime e utkanten
fjellkommuna
der dørin e olæste døgnet rondt


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar