tirsdag 13. desember 2016

Gjetarguten #13: Ein ny song



det vesle smilet i augekroken
og ei lubben hand ut av høyet;

eg bøyer meg over krubba, smiler
reflekterer lyset frå ei anna verd

og kjenner eit islag som smeltar,
at hjartet mitt sprengjer seg ut

frå eit fengsel av lengsel og smerte
til eit land fylt av glede og song


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar