lørdag 26. november 2016

Kven er han?

kven er han denne mannen
med rolege auge, sikre auge
eit blikk som ikkje flakkar
sama kva og kven
dei vert retta mot

dei vert retta mot oss
milde drag gjennom vårlufta
og noko festar seg i hjartet
noko som nektar å sleppe taket
sjølv i natta i kulda
i redsla som kom

i redsla som kom var han
endå saktmodig og stille
som ein mann med ankerfeste
og dei slakta han
let blodet fukte bakken og let ropa
falle som steinar
mot kroppen hans

mot kroppen hans som vi ser
ridande på eit esel
ein krigarkonge utan våpen
ein herskar utan herskarmakt
eit vaklande håp i våre tause hjarte –

kven er han denne mannen
med rolege auge
festa på den enkelte
med eit blikk så djupt som æva sjølv
og i ropa våre slår tvilen rot
og i tvilen trengjer ropet seg fram: 

velsigna er han –



Matt 21, 9-11:
Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:
           Hosianna, Davids son!
           Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
           Hosianna i det høgste!
Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar