lørdag 26. november 2016

Kven er han?

kven er han denne mannen
med rolege auge, sikre auge
eit blikk som ikkje flakkar
sama kva og kven
dei vert retta mot

dei vert retta mot oss
milde drag gjennom vårlufta
og noko festar seg i hjartet
noko som nektar å sleppe taket
sjølv i natta i kulda
i redsla som kom

i redsla som kom var han
endå saktmodig og stille
som ein mann med ankerfeste
og dei slakta han
let blodet fukte bakken og let ropa
falle som steinar
mot kroppen hans

mot kroppen hans som vi ser
ridande på eit esel
ein krigarkonge utan våpen
ein herskar utan herskarmakt
eit vaklande håp i våre tause hjarte –

kven er han denne mannen
med rolege auge
festa på den enkelte
med eit blikk så djupt som æva sjølv
og i ropa våre slår tvilen rot
og i tvilen trengjer ropet seg fram: 

velsigna er han –



Matt 21, 9-11:
Og folket som gjekk føre, og dei som følgde etter, ropa:
           Hosianna, Davids son!
           Velsigna er han som kjem i Herrens namn!
           Hosianna i det høgste!
Då han drog inn i Jerusalem, vart det uro i heile byen, og dei spurde: «Kven er dette?» Og folkehopen svara: «Det er profeten Jesus frå Nasaret i Galilea.»

tirsdag 22. november 2016

Eit syn


med auga på stilk
gjekk eg nølande nedover
den lange korridoren

kikka inn dei opne dørene
såg verda i porsjonar
bit for bit

og kjente noko søkke
som eit blylodd
frå hovudet gjennom hjartet mot magen

såg borna utan mat i rom 1
såg mødre utan håp i rom 2
såg desperate fedre i rom 3

bak den fjerde døra
sat ein fange, uskuldig
dømt fordi han var svart

i det femte rommet
- eit utbomba krater -
tre einsame born utan vern

eg senka farten, senka blikket
klarte ikkje ta alt dette inn
for gangen var utan ende

slavar, ufrie, svoltne, fattige
undertrykte, diskriminerte
hata, utstøytte og einsame

og ei stemme, kviskrande
frå alle dører, alle veggar:
kva har du tenkt –
å gjere –
med dette –
kva kan du, kva vil du, kva bør du –




Joh 9, 41: 
Jesus svara: «Var de blinde, hadde de inga synd. Men no seier de ‘Vi ser!’ Difor blir synda dykkar ståande

søndag 20. november 2016

KRIK-cup 2016

Nokre glimt frå ei kjekk helg på KRIK cup&konsert på Vikeså!

Fredag kveld: Konsert med Jesus Loves Electro. Mykje lyd og mykje hopping!






Laurdag formiddag: Gruppespel i fotballcupen. Her er cup-sjefen sjølv dommar i ein av kampane:


Det blei nokre timar på tribuna!


Team Explosives i aksjon:


Laurdag ettermiddag: U16-møte. Vi starta med ein leik.


David André Østby talte om den bortkomne sonen:


Laurdag ettermiddag: Gruppespel for laget frå Suldal. Her er Peder, Lars og Åsmund ivrige tilskodarar på tribuna:


Team Energi på bana!


Laurdag kveld: Kveldsmøte og konsert med David André Østby.



Seinare på kvelden kom Hawk Nelson (frå Canada) på scena:




Heile gjengen samla utanfor barnehagen, klare for avreise heim att. Takk for turen!



lørdag 12. november 2016

Ein Gud som er nær



for vi har ikkje ein gud
som er langt borte
men ein Gud
som er nær

det er ikkje ein gud
av stein og tre og jord
men ein Gud
meir levande enn oss

og det er ikkje ein gud
med attlatne auge
men ein Gud
som ser kva vi treng

og om han er ein Gud
med umoglege krav
er han også ein Gud
med kjærlege hender

for han er ikkje ein gud
som lar oss aleine i nauda
men ein Gud som lækjer
og frelser frå lova




Søndagsteksten, Luk 13, 10-17:


10 Ein sabbat underviste han i ein av synagogane. 11 Der var det ei kvinne som hadde vore plaga av ei sjukdomsånd i atten år. Ho gjekk krokryggja og kunne ikkje retta seg opp. 12 Då Jesus fekk sjå henne, kalla han henne til seg og sa: «Kvinne, du er løyst frå sjukdomen din.» 13 Han la hendene på henne, og med ein gong rette ho seg opp og lova Gud.
   
14 Men synagogeforstandaren vart forarga fordi Jesus lækte på sabbaten, og han sa til dei som var samla: «Det er seks dagar til å arbeida på. Då kan de koma og la dykk lækja, men ikkje på sabbaten.» 15 «Hyklarar», svara Herren. «Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet av båsen på sabbaten og leier dei ut så dei får drikka? 16 Men her er ei Abrahams dotter som Satan har halde bunden i heile atten år, skulle ikkje ho kunna løysast av det bandet på ein sabbat?» 17 Då han sa dette, måtte dei skjemmast, alle motstandarane hans. Men alle dei som var samla, gledde seg over alt det underfulle han gjorde.