søndag 21. august 2016

Om oppstoda av kroppen


Lenge var det eit viktig spørsmål innan vitskapen om universet var ein konstant storleik, eller om det var i endring. Som kjent meiner kristne, ut frå skapingssoga i Bibelen, at universet har ei byrjing, og at jordkloden over tid gjekk frå å vere aude og tom til å bli fylt med liv.

Då teorien om Big Bang vart sett fram på 1800-talet, var det nok ikkje dei kristne som var mest bekymra. Sjølvsagt kan eg som kristen ikkje gå med på ideen om at det heile er tilfeldig, og at utviklinga av liv er flaks og tilfeldige, heldige hendingar. Men med Big Bang-teorien bevega vitskapen seg eit hakk nærare kristen tenking om universet.

På same måte har vitskapen gjort også andre delar av det kristne verdsbiletet lettare å forstå. Dette gjeld, i alle fall for min del, også tanken om at vi menneske ein dag skal bli reiste opp att frå døden – ikkje berre sjeleleg, men også at kroppen skal bli fornya. I trusvedkjenninga seier vi i den tredje artikkelen: “Eg trur på … oppstoda av lekamen, og evig liv”. Ei konkret og fysisk oppstode frå døden er altså ein del av den kristne trua.

Eg har ikkje konkrete eksempel, men reint logisk er det lett å sjå for seg at akkurat dette punktet kan ha valda ein del truande både tankemessige utfordringar og bekymringar. Ein vanleg skikk i kristendomen er å gravleggje dei døde. Ein blir lagt i vigsla jord, og “av jorda skal du igjen oppstå”.  Her på vestlandet var det mange som omkom på havet, og mange av dei drukna vart aldri funne att. Det er rimeleg å anta at tanken på at avdøde slektningar ikkje får liggje i vigsla jord, har vore problematisk for nokon.

I kyrkja i Balestrand, der eg  vaks opp, er der eit stort bilde på veggen. Dette bildet studerte eg mange gongar opp gjennom oppveksten, og eg hugsar det endå rimeleg godt, sjølv om det er mange år sidan sist eg såg det. Hovudmotivet er ein mann med attlatne auge, omgjeven av eit bølgjande hav på alle kantar. Under bildet står eit kort bibelsitat: “Og havet gav att dei døde som var i det…” Bildet gjorde sterkt inntrykk på meg som barn, og det var på same tid både skremmande og fascinerande. For innbyggjarane i eit landskap der sjøen kunne ta liv, var nok dette eit viktig bibelvers.

Men så kan ein spørje: Kva om kroppen vert delt opp? Kva om ein mister ein fot, og blir gravlagt utan denne. Vil ein då stå opp med berre eit bein? Vil dei som døyr gamle, vere gamle når dei står opp att også? Og kva om kroppen vert øydelagt – til dømes brent – og spreidd for alle vindar? Vil Gud “finne att” alle delane?

Dei siste hundre åra har forskinga på vev og celler, molekyl og atom, proton og elektron, gitt oss eit anna og meir komplekst bilde av korleis verda er bygd opp. Darwin visste ingenting om oppbygginga av celler og den fininnstilte motorikken i celleorgana – og langt mindre visste han om DNA og korleis DNA styrer alle prosessar i kroppen. Han visste heller ikkje noko om dei utruleg avanserte prosessane som går føre seg i cella når DNA skal kopierast og nye protein bli sett i produksjon. Mange gongar skulle eg ynskje at han fekk vite om alt dette, for eg trur mange av teoriane han sette fram – og som ein del tek for god fisk i dag – hadde sett noko annleis ut med djupare kjennskap til desse tinga.

Kunnskap om DNA og celleprosessane påverkar også mitt syn på dette med oppstoda frå døden.

Eg trur ikkje det er så viktig kva som skjer med kroppen etter at ein er død. Dei cellene som vert lagt i jorda, eller forsvinn i havet eller vert brent i krematoriet, består av lånte molekyl, og har lite å seie for den oppstadne kroppen. Det er særleg kunnskapen om korleis alle stoffa i naturen går i krinslaup som ligg til grunn for ein slik påstand.

For eksempel veit vi at cellene i kroppen vert bytta ut når dei er utslitne. Gamle celler dør, går i oppløysing og forlet kroppen, samtidig som nye celler vert danna heile vegen. Eg har lest at i løpet av ein periode på 7 år, vert alle celler i kroppen bytta ut. For min del, som er 37 år gamal, vil det seie at eg no er i gang med min “sjette kropp”… Alle cellene mine har altså blitt bytta ut seks gonger. Dei atoma eg bestod av då eg var 20 år gamal, er no alle saman ein annan stad på jorda. Nokre er nok bundne opp i plantar, nokre flyt kanskje rundt i havet ein stad og nokre er kanskje til og med ein del av andre menneske.

På same måten vert alle atoma i ein kropp som dør på ein eller annan måte frigjort, og brukt om att i andre levande vekstar. Sopp, bakteriar, mark og andre organismar som lever i jorda, sørgjer for at stoffa vert frigjorte og tilgjengelege for andre vekstar og organismar. Ut frå dette må ein kunne konkludere med at den samansetninga av atom ein tilfeldigvis består av i det ein dør, ikkje kan ha noko å seie for kroppen som skal reisast opp att. Kroppen kan nemlig bli bygd opp av kva for atom som helst – så lenge det er rette typen og rette mengda av kvart slag!

Eg trur nøkkelen til oppstoda ligg i DNA-et. Ikkje slik å forstå at dei DNA-trådane eg går rundt og ber på i dag, vil ende på nokon annan måte enn resten av kroppen. Eg trur det er slik som med ei kokebok: Du kan brenne boka, men den som laga oppskriftene har dei fortsatt i hovudet, og kan, viss vedkommande vil, lage ei ny kokebok med dei same oppskriftene i. Viss vi då går ut frå at den som laga oppskriftene har god hukommelse.

Trua mi er retta mot ein allmektig Gud – ein som har skapt universet, og bygd saman alle dei ulike DNA-kombinasjonane vi ser vandre rundt på jorda i dag, i går og i alle framtid. Eg trur at oppskrifta til mitt DNA er godt gøymt på ein sikker stad: At Gud ber oppskrifta til kroppen min med seg i hjartet, og at denne oppskrifta vert henta fram på den siste dagen. Når Gud skal kalle alle menneske fram for trona, vil han byggje saman alle kroppane ut frå den enkelte sin unike DNA-profil, og då spelar det ikkje nokon rolle kor den gamle kroppen hamna til slutt. Gud vil nok finne dei råstoffa han treng.