søndag 5. juni 2016

Passord




til slike store dører,
slikt eit ruvande palass
skulle ein vel vise seg verdig
å sleppe inn i –

eg prøvde med rakrygga mot
eit svulmande hjarte,
i handa ei liste
over mine merittar;
men dørene stod urikkelege

krigslist var fåfengt,
å krype i støvet
imponerte ingen,
mine bydande rop
og gullkanta sjekkar
møtte stilla frå massive dører –

til sist seig eg i kne,
kviskra det einaste ordet,
namnet som stod skrive på porten
Jesus –
og døra opna seg,
lyset fylte bakken framfor auga mine

to utstrekte armar
drog meg gjennom porten
tørka sveitten frå panna mi
tårene på kinnet,
stilla hjartet som kjempa så hardt,
let meg kvile – frå meg sjølv
på dette fanget



Mark 10, 15: 
Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar