søndag 19. juni 2016

Ein som ser


vi kjenner uroa bre seg,
ei skjelving – ikkje av kulde
men av forundring, ein tanke
som ikkje finn fotfeste
i vårt enkle bilete av verda –

her er vi så mange,
i kvar krok, kvar slette, kvar dal
er vi spreidde
for ikkje å snakke om
byane – i blokkene, hus på hus
rad på rad med menneske –

og Han skulle merke
den eine som manglar,
den eine tomme stolen
buss-setet ingen sit i;
eit hjarte som bankar
for noko anna,
går på ein veg
som fører vekk –

dette er ei uro som går djupare
enn tankane om morgondagen
eller ressursar som kanskje
eller ikkje
vil strekk til – det er ei uro frå djupet,
der røtene i sjølve eksistensen
har funne jordsmonn å vekse i

- for tanken er så skremmande stor
at skulle den stemme, vil den rive oss opp
og tankane må finne ny
og sikrare grunn
å røte seg i –



Matt 18, 12: Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer og ein av dei går seg vill, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som er komen på avvegar?

1 kommentar: