søndag 13. mars 2016

I blinde




du gjekk i blinde,
hadde attlatne auge
på veg inn i det ukjent

i hjartet ditt dunka
den intense tvilen

fornufta rista på hovudet
over dine risikable val;

likevel gjekk du
med heva hovud

og ei visse, bak det andre,
ein tillit som ingen kunne knekke –

for du gjekk ikkje i vilska, du gjekk
på bod frå Ein større enn deg



Luk 1, 45: 
Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.

1 kommentar:

  1. Fint skrevet.
    Kanskje det er der jeg er, -


    Velsignelsen være nær deg,
    og vil følge deg.

    SvarSlett