fredag 4. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #4



pakke ned livet sitt, hengje frå seg
alt ein kan miste

la seg føre inn på ein ukjent sti
fordi ein ikkje torer anna

samtidig glad, spent
til ytterste dirrande punktet

veit – her er det du leita etter
gjennom timar og år

og no skjer det
ingen vegar fører attende

til den du var;
alt anna er pakka ned i gløymsla


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar