lørdag 12. desember 2015

Tre vismenn, ein stall og ei stjerne #12



slik blandar eg salven
seier ein
og knuser sanden og vatnet og visne blad saman

til ei blanding så mjuk
med lukta av jord;
samlar det alt i ei krukke

det er søle, seier dei hine
og ristar forsiktig på hovudet,
nektar å tru det dei ser;

ei krukke fylt med oppsop og vatn
er ikkje noko for ein konge,
du kan ikkje gje han dette –

men i auga til mannen kan dei lese
ei historie frå eldgamle tider,
ei linje frå æve til æve

det er her han skal gå
seier mannen
og teiknar med handa i sanden

her skal han setje sine spor
vandre med sorgtyngde aksler
og eit hjarta i brann, flammande lengt

men i dag er det endå ei luftspegling
eit draumebilete
frå år som skal kome

og endå har vi sett stjerna hans
som eit fyrtårn å styre etter,
eit navigasjonspunkt for nattkalde hjarte –

denne ørkenen, denne kloden
heile dette universet
er mindre enn det som skal skje når …

kongen går mot sin død
presten går mot sin utgong
profeten talar dei største orda
eit menneske kan høyre – og leve

då er alt eg kan gje han
denne søla eg sjølv har blanda;
her sette eg mine spor
her vil han setje sine

og hans spor vil heilt dekkje mine –
då gjev eg han vegen eg gjekk, altså meg sjølv
i lydnad mot Han som er større



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar