søndag 1. november 2015

Livline



så er det ingen som ser
blomen som vaks av frøet
på innsida av hjartet –

men røtene strekk seg
gjennom blod, gjennom kjøt
søker sine kjelder
utanfor kroppen – strekk seg
vidare utover, vidare oppover
snor seg om korset, tøyer sine stenglar
inn i ei grav
drikk av vinen, drikk av brødet
drikk av vatnet som renn
frå sida til denne mannen, denne Jesus –

og blomen er skjult
men du kan følgje kvar stengel
kvart rotskot – som ei livline
heilt dit ditt eige frø er å finne –



Matt 5, 14: 
De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar