søndag 8. november 2015

Finne sin heim



krype ut av skalet
plante eit frø
i nypløgd jord

sjå kor greinene strekk seg
mot ein umogleg blåfarge
felle ei tåre

sjå dråpen falle gjennom lufta
lande på fjellgrunn
verte knust i tusen bitar

lyfte blikket under stjernene
sjå blåfargen henge som eit banner
frå skjelvande greiner

kjenne ankeret finne feste
gå inn i sin nye heim
i skuggen av eit anna tre



Kol 1, 27:  Gud ville kunngjera for dei kor rikt på herlegdom dette mysteriet er for folkeslaga: Kristus er mellom dykk, håpet om herlegdomen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar