søndag 25. oktober 2015

Det som er mitt



dette støvet er mitt –
det er alt som er att
av storverka eg bygde
og med store ord
presenterte for verda;
som om det var mine byar
og mine slott – som om eg eigde
alt saman

dette fråværet er mitt –
det som står att
etter tallause netter på kne;
det som følgde
tallause netter med blind tru
på meg sjølv

for er eg ikkje som deg,
er ikkje våre hjarte like små
og våre tankar som avgrensa bobler
i det vide universet?



Luk 18, 9-14: 
Til nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:
   
«To menn gjekk opp til tempelet for å be. Den eine var farisear og den andre tollar. Farisearen stilte seg opp for seg sjølv og bad slik: ‘Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, dei som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller som den tollaren der. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.’ Tollaren stod langt unna; han ville ikkje eingong lyfta auga mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: ‘Gud, ver meg syndar nådig!’
   
Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.»

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar