søndag 2. august 2015

Ei bør i menneskehanda


det er ein hammar
du held i handa

den passar så godt,
kan svingast i perfekte slag;

det er spiker du held
i den andre,

sylskarpe naglar, klare
til dåd når hammaren vil;

og det er din eigen vilje
som styrer dei begge;

å, kor mange dører
har du vel ikkje stengt att

kor mange sår, kor mykje
som aldri kan gjerast om;

så kjem det ein sjanse
også for deg – ein stad du kan gå

og leggje det frå deg,
la børa falle til jorda;

der er ein kross, og eit ord
om tilgjeving … kjærleik … og nåde

også for deg



Matt 18, 21-22: Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal bror min kunna synda mot meg og eg likevel tilgje han? Så mykje som sju gonger?» Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar