søndag 29. mars 2015

Den siste dråpen

Medan Jesus var i Betania, heime hos Simon den spedalske,  kom det ei kvinne bort til han med ei alabastkrukke med dyr salve. Den helte ho ut over hovudet hans medan han låg til bords. Då læresveinane såg det, vart dei arge og sa: «Kva skal slik sløsing tena til?  Denne salven kunne vore seld for mange pengar som kunne gjevast til dei fattige.» Men Jesus merka det og sa til dei: «Kvifor plagar de henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg. Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid. Då ho slo denne salven ut over kroppen min, salva ho meg til gravferda mi. Sanneleg, eg seier dykk: Overalt i verda der dette evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.» Ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, gjekk då til overprestane og sa: «Kva vil de gje meg om eg gjev han over til dykk?» Dei talde opp tretti sølvpengar til han.

Matt 26, 6-15


Den siste dråpen (Judas' bitre dagbok)

det var utoleleg -
denne seigpininga,
ei uthaling - sløsing
av tid og ressursar 

og så denne kvinna -
vandre inn andre sine dører
og tøme pengane ut som støv
over hovudet hans
og han -
han sat der, smilte
om enn med eit sørgmodig drag
og let henne tru, let henne gå
i vissa om å ha gjort noko bra

det var siste dråpen
hjarta mitt brast -
eg kjente noko flyte i årene,
som kostbar salve, omsett i mynt

og eg ofra han
ofra blikket, det sørgmodige smilet,
ofra alle milene vi har gått i lag
timane i samtale om eit anna rike
ofra draumane, håpa, trua
på dette store -

eg ofra det alt
for tretti sølvpengar
- så kan kanskje nokon andre
lære han verdien
av pengar -


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar