søndag 1. februar 2015

Under ordet

Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka? Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda. Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»

Mark 4, 30-32 



Under ordet 

der ligg eit ord, 
eit lite, nesten usynleg
ord ved sidan av vegen

ingen kan finne det
sjølv, men det lokkar
og den som snur seg, ser

og den som stoppar opp
går nærare, heilt inntil,
ser at ordet er ei dør

slepp ut lys nok for vegen vidare
og er mat på reisa
og ly for det ausande regnet

og den som bøyer seg ned
kryp fram, heilt innunder
ser at endå er det plass til mange -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar