søndag 15. februar 2015

Opne auge

Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv. Den som vil tena meg, må følgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera. Den som tener meg, skal Far min æra. 

Joh 12, 23-26




Opne auge

ryggen mot veggen
møte det som kjem
med opne auge 

vite kva -
frykte det
krympe i angst
gråte i redsel
kjenne hjartet knuse
under tonn på tonn -

likevel
snu ryggen
mot veggen
møte det

leve i redsla
leve i håpet
dø i vissa -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar