mandag 19. januar 2015

Skjulestedet - Corrie ten Boom

Det er ei både fascinerande og rystande forteljing som vert fortalt i boka "Skjulestedet". Først og fremst er eg fascinert av måten trua gjennomsyrar og styrer alle val som vert tekne i familien ten Boom. Den sterke trua på at Gud vil gripe inn og at han alltid har omsorg. Dette gjeld spesielt når eg les om storesystera til Corrie, Betsie ten Boom, som midt i nazistane sine herjingar, midt i fornedringa i Ravensbruck, midt blant lopper og lus i overfylte brakker, ikkje såg anna enn Guds kjærleik til dei såra menneska som plaga dei.

Corrie og Betsie var begge godt vaksne då 2. verdskrigen starta. Betsie vart føydd i 1885, og Corrie i 1892. Altså var dei begge over femti år då dei vart arrsterte i 1944. Heile livet hadde dei budd saman med familien i Haarlem, i eit hus dei kalla for "Beje". I dag er Beje omgjort til museum. Der kan ein blant anna sjå rommet med den doble veggen - rommet som også har gitt namn til boka. Dette var eit rom dei kunne evakuere gjestane sine til på kort tid, viss det skulle skje ein razzia eller liknande. Dei fekk då også god bruk for rommet då tyskarane om sider klarte å avsløre verksemda som gjekk føre seg i Beje. Men då hadde dei allereie funne gode skjulestader og dermed berga livet til godt over 800 menneske som var forfulgte av nazistane!

Her står Corrie ten Boom framfor det kunstige rommet:


Boka viser på mange måtar kor grusame menneske kan vere. Ganske mange av fangevaktarane dei møtte behandla dei dårleg, og forholda dei vart tvungne til å leve under var rett fram umenneskelege. Dette er kjente historiske fakta, og kanskje ikkje så unikt for denne boka. Det som er unikt, er måten dei to søstrene møter nøden på. Dei klarar å smugle med seg ein bibel inn i Ravensbruck, og to gongar om dagen held dei møte på brakka. Det som bergar dei frå ikkje å bli avslørt, er den store mengda lopper som kravlar rundt i sovesalen. Derfor vegrar vaktarane seg frå å gå inn der!

Særleg gripande, og utfordrande, er bodskapen om tilgjeving. Då Corrie nokre år etter krigen møter att ein av dei som hånte og plaga henne i leiren, klarar ho å ta han i handa og tilgje han - eller, ho legg vekt på at ho slett ikkje klarte å tilgje, men at Gud gav henne styrken til å gjere det.

Det er også ein tankevekkjar at Beje, som i fleire år hadde blitt brukt til å skjule og ta seg av jødar, i åra etter krigen vart brukt til å vise omsorg for og restituere landssvikarar, som elles i samfunnet møtte hat og spottord.

Alt i alt ei utfordrande historie, som er vel verdt å låne nokre timar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar