fredag 30. januar 2015

Nicky Cruz - frå flukt til frelse

"Gjenglederen Nicky Cruz" er kanskje den boka, utanom Bibelen, eg har lese aller flest gongar. Og leseperspektivet har endra seg frå den første gjennomlesinga og fram til i dag. Det første møtet, i 12-13 årsalderen, var det nok fascinasjonen for gatelivet og alt Nicky opplevde som gjengleiar som var det mest fascinerande. Den siste delen, om omvendinga og livet etter var ikkje så interessant. Likevel var det også då ein viktig del, for det var godt, som ung kristen, å ha eit tydeleg forbilde!

Ved seinare lesningar, år seinare, var eg meir moden og det han vart utsett for som person kom nok litt klarare fram. Dei indre kampane - særleg kampen mot meiningsløysa og kjensla av å ikkje ha nokon faste punkt i tilværet - kom klarare fram i sinnet mitt. Og om eg ikkje kjente meg att i livet hans, kjente eg att lengsla etter meining. Den siste delen av boka, særleg den store endringa som skjedde i livet hans då han vart omvend, var no meir interessant.

I vaksen alder er det endå fleire perspektiv å tenkje over. Som far tenkjer eg på korleis foreldra kunne behandle han så kaldt som dei gjorde. Eg tenkjer også meir på korleis det måtte vere å vekse opp i slummen i New York - det utrygge tilværet og kor farleg det var å gå inn på feil områder av byen. Det var verkeleg ein kamp for å overleve.

Eg er også fascinert av motet til David Wilkerson, predikanten som oppsøkte Nicky og insisterte på at Gud er glad i han, endå han risikerte både liv og helse ved å våge seg inn i undergrunnsverda på den måten han gjorde. Og korleis han klarte å så eit frø av håp hos Nicky Cruz.

Eit gjennomgåande trekk i boka er bruken av fuglen som symbol. Faren til Nicky kalla han for "vesle fugl", og heile livet hans var ei slags flukt. Problemet var berre at han ikkje ante kva han flykta frå, eller kor han skulle finne kvile. Ikkje før han møtte David Wilkerson, vart kristen og fekk ei ny retning i livet. Då skildrar han det som at fuglen kunne lande. Han fann ein trygg grunn for livet sitt, trengte ikkje flykte meir.

Etter omvendinga fyljer vi Nicky til ein fireårig bibelskule i California, og derifrå tilbake til New York - saman med kona Gloria. Der vert han med i arbeidet David Wilkerson hadde starta for gjengmedlemer og narkomane. Etter nokre år flyttar dei til California og startar sitt eige arbeid. Det heile er inspirerande lesning! Som "godt etablert" kristen, er det også ei trøyst i det å lese om alle kampane Nicky Cruz går gjennom også etter omvendinga. Livet vart ikkje utan vidare ein dans på roser, men han fekk oppleve at Gud var med han og leia han også gjennom dei tøffe taka.

Boka kom ut første gongen i 1969, då han hadde vore kristen i vel ti år. I år vert predikanten 75 år. For meg var han ein helt i oppveksten, og berre namnet Nicky Cruz vekkjer gode assosiasjonar. Har du ikkje lest boka, vil eg sterkt anbefale den! Eg meinar å hugse at den kom ut i ny utgåve for berre nokre år sidan.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar