søndag 18. januar 2015

Det er eg

"Men den timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha. Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning." Kvinna seier til han: "Eg veit at Messias kjem", – Messias er det same som Kristus – "og når han kjem, skal han fortelja oss alt." Jesus seier til henne: "Det er eg, eg som snakkar med deg."

Joh 4, 23-26 



Det er eg

djupet i meg, mørkret
strekk seg mot framande breidder,
søker ly, søker hamn
der bølgjene vert brotne
av noko solid

alt det duse, alt det grå
i meg
anar ei lysning, ei endring,
det er dagen som demrar i aust

og lyset i deg
strekk seg
mot mine forvridde tankar,
lyftar meg opp, lyftar og lyftar
til auga møter dine
og du seier

det er eg -


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar