søndag 28. desember 2014

Dei ti beste bøkene i 2014

Året går mot slutten, og lista over leste bøker i 2014 er snart ved enden. Heile lista kan sjåast i fana "Bokormens leseliste" over her. Dei følgande bøkene er dei ti bøkene eg hadde størst glede av å lese, eller dei bøkene som gav meg mest. Rekkefølgen er ikkje prioritert.

1) Ildefonso Falcones: Barfotdronningen

Eg har stor sans for Falcones sin omstendelege og detaljrike måte å skrive på. Boka er lang - desto meir tid til å glede seg over forteljinga! På kjøpet får ein innsikt i ein del av spansk historie eg visste lite om frå før. Sidan Falcones er historikar, er han grundig med researchen, og vi som lesarar kan vere rimeleg sikre på at ramma rundt forteljinga, sjølv om personar og hendingar er oppdikta, er henta frå den reelle historia. I denne boka er det den spanske minoriteten Gitano-folket vi får nærare kjennskap til.








2) Frode Grytten: Brenn huset ned

Eg har ikkje verdas største kjennskap til dei klassiske rockefenomena, men sit att med litt meir kunnskap om gruppa Clash etter å ha leste denne fascinerande boka til Frode Grytten. Han tek utgangspunkt i bandmedlemene, og fortel historia ut frå deira synsvinkel, og synsvinkelen flyttar seg frå person til person. Viss vi legg saman historia dei ulike personane fortel, får vi til saman eit ganske heilskapleg bilde av korleis Clash kom til, vegen til toppen på hitlistene og fallet som førte til oppløysing av gruppa. Ei fascinerande bok!



3) Julie Orringer: Den usynlige broen

Eg har sansen for historiske romanar, og når eg tel over, ser eg at det er sju av dei på denne lista med ti bøker. Det seier vel sitt...

I boka "Den usynlige broen" får vi nærare kjennskap til dei ungarske jødane si historie under 2. verdskrigen. Dei var lenge skjerma av ei nazivenleg regjering som samarbeidde med Hitler-Tyskland. Dermed rykte ikkje Tyskland inn i landet før mange år inn i krigen. Dette førte til at jødane lenge klarte seg relativt betre i dette landet enn i nabolanda. Men livet er ikkje enkelt av den grunnen. Grunnen er i ferd med å synke under beina på hovudpersonane, og det gjeld å finne ein veg å overleve den komande katastrofa. Spennande og lærerik bok!



4) Veronica Roth: Divergent-trilogien

Spennande og tankevekkande fantasy. Eg har tidlegare anmeldt bøkene, og teksten kan du lese i Skuledagboka.




5) Torborg Igland/Amund Hestsveen: Flukten

Også dette er spennande og tankeutfordrande fantasy. Og eg har skrive om den før... Tekst i Skuledagboka.



6) Gaute Heivoll: Før jeg brenner ned

Korleis eg har unngått å oppdage Gaute Heivoll før i år, står for meg som noko snodig. Men no har eg lest eit par bøker av han, og eg kan garantere: Det vil bli fleire!

I boka "Før jeg brenner ned" fyljer vi forfattaren tilbake til barndomsbygda og tida rundt hans eigen dåp. I starten av juni 1978 går det ein pyroman laus i bygda, og redselen når sitt klimaks akkurat den helga dåpen er. Historia er sann, og forfattaren sine refleksjonar og tankar, i tillegg til ei parallellegging med ei personleg krise i hans eige liv tjue år seinare, gjer dette til ei klok og vakker bok.


7) Bryce Courtenay: Kraften av én

Historisk roman, med oppdikta personar og hendingar, lagt til tida rett før, under og etter 2. verdskrigen i Sør-Afrika. Det er ein oppvekstroman, og vi fyljer ein liten gut som vert plaga på kostskule som 5-6-åring, og korleis dette legg føringar for heile resten av oppveksten.

Boka gir god innsikt i eit segregert samfunn, i eit Sør-Afrika som er på full fart inn i Apartheid.


8) Øystein Orten: Rasmus Rebellen

Dette må vel kallast norsk lokalhistorie...  Forteljinga er lagt til små lokalsamfunn på Sunnmøre og det som no er Romsdal. Rasmus Rebellen er ein historisk person, og i denne boka får vi eit nærare innblikk i ei, i alle fall for meg, ukjent og spennande historie. Boka teiknar også eit godt bilde av korleis det var å leve på nordvestlandet i dansketida.



9) Jamie Ford: Sanger til Willow Frost

Jamie Ford verkar å ha spesialisert seg på tilværet til den kinesiske og japanske minoriteten i California eit halvt århundre tilbake.

I "Sanger til Willow Frost" møter vi ein liten gut som veks opp på barneheim, utan å ane kor det har blitt av mora. Så ein dag ser han ein plakat i byen, og vert overbevist om at den annonserte songarinna Willow Frost er hans eiga mor. Han set i gang ein aksjon for å få treffe den berømte songarinna, og rutinelivet på barneheimen tek brått ei ny retning.




10) Eva Mæhre Lauritzen: Seks planter som forandret verden

Den siste boka på lista mi skil seg ein del frå dei andre, sjølv om også denne boka er ei historiebok. Dette er ikkje nokon roman, men ei sakprega bok som fortel historia til seks viktige plantar vi nyttar i kvardagen. Desse seks plantane har alle ei spennande historie, og samtlige har relativ korte historier i europeisk samanheng.

Forfattaren tek for seg desse plantene: Tobakk, potet, pepper, bomull, kaffe og sukker.

Det er ein lærerik og interessant gjennomgang, og presenterer europeisk historie og verdshistoria ut frå ein ny og spennande synsvinkel.



Det var eit utval av bøkene frå 2014. Så får vi sjå kva 2015 har å by på!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar