mandag 14. juli 2014

Golgataperspektivet

Eg har vore på bibelcamp, sommarens store høgdepunkt. Teltferie og avslapping, kombinert med solid undervisning og godt fellesskap. Betre innputt er det vanskeleg å få!

Det viktigaste eg sit att med i år, er eit fornya golgataperspektiv. Det var særleg éin bibeltime som sette djupe spor hos meg. Roald Evensen hadde to bibeltimar, der han snakka om Golgata. Det er ingen som veit heilt sikkert kor Golgata låg, bortsett frå at det er utanfor bymurane i det gamle Jerusalem. Gjennom forklaring av ord og omgrep, og ved hjelp av kunnskap om jødisk religion og kultur, plasserte Evensen Golgata i løpet av den første bibeltimen på Oljeberget. Det var torsdag, og ei heilt ok undervisningsøkt.

Så kom fredagen, og undervisninga fortsette. Og det var denne timen som gjorde mest inntrykk. Fokus var no på dei gamle offerskikkane til jødane, og samanhengen med Jesu offer. Eg klarar dessverre ikkje å gjengje så mykje av undervisninga her, men eg har no fått eit nytt indre bilde av Jesu korsfesting: På toppen av Oljeberget, Jerusalems høgaste punkt, der han hadde fri sikt mot inngangen til det enorme tempelet som på den tida stod på Moriafjellet, der Klippemoskeen står i dag.

Endå meir enn dette, sit eg att med ein setning han sa i løpet av timen: All kristen undervisning og forkynning må foregå på Golgata! Ikkje slik å forstå at ein skal stå der reint fysisk, men når ein les i Bibelen og forkynner, må ein "stå på Golgata", sjå alt i perspektiv av Jesu offer. Først då får bibeltekstane meining, og trua eit innhald.

Utan Golgata, og Jesu offer på korset, er resten av kristendomen meiningslaus og utan håp. Utan Golgata, står vi att med ingenting.

Og omvendt: Under Jesu kors vert alle historiene i GT og NT sydd saman, får perspektiv og meining, og vi får eit håp vi kan kvile i!


Dette Golgataperspektivet kjem eg til å ta med meg vidare, både når eg sjølv held andakt, og når eg les i bibelen eller lyttar til forkynning. Alt må målast opp mot det som skjedde der, på korset.

Vidare kjem eg også til å ta med meg eit sitat frå ein av Audun Hjellvik sine bibeltimar, der han snakka om å lese i bibelen: "Har du ete deg svolten, eller svolte deg mett?" Det å lese og høyre forkynning, gjer at appetitten på Guds ord aukar. Dess meir eg lærer, dess meir ynskjer eg å lære.

Den dagen eg er mett, den dagen eg tenkjer at eg kan det som handlar om Jesus, eg kan det som står i Bibelen, eg veit korleis alt det der er... så kvifor skal eg lese meir... Den dagen står eg ovanfor ei andeleg svoltkatastrofe!

Så to ting sit att etter bibelcampen 2014: Golgataperspektivet, og viktigheten av å ete rikeleg frå Guds ord, så den andelege svolten og lengten aukar!