søndag 8. september 2013

Tru, håp og kjærleik

Det finst tre ord som er særleg sentrale for å forstå kva kristendom handlar om:

Tru
Det ligg litt i sjølve namnet: Kristen tru. Dei viktigaste tinga i kristendomen er basert på nettopp tru. Enkelte ting er lett å tru på, som for eksempel at Jesus har levd, og alle dei andre historiske personane som vi veit har eksistert, heilt frå Abraham, Moses, kong David og opp til Paulus. Å tru at dei har levd, er som å tru at Moskva er hovudstaden i Russland. Du har kanskje ikkje vore der, men du kan rekne med at det du blir fortalt er sant likevel.

Så har vi dei tinga som det er vanskelegare å tru, fordi dei er ulogiske og vanskelegare å bevise. Som at Jesus kunne gå på vatnet, eller gjere vatn til vin, eller vekke folk opp frå dei døde. Det aller viktigaste punktet i kristendomen er basert nettopp på denne type tru: Trua på at Jesus stod opp att frå dei døde etter at han hadde blitt drepen. Viss det ikkje hadde skjedd, hadde det heller ikkje vore noko som heitte kristendom. Det viktigaste kjenneteiknet på kristen tru er difor om ein trur at Jesus var Guds son, og at han stod opp att frå grava etter å ha vore død.

Håp
Håpet, symbolisert ved eit anker, er det andre ordet. Det er ikkje snakk om håp av typen: Håpar det er pizza til middag i morgon. Det er snakk om eit håp som er mykje meir djuptpløyande, det har med sjølve eksistensen vår å gjere.

De har lært om, eller skal snart lære om, humanetikk på skulen. Dette er eit livssyn som avviser alt som har med religion å gjere, og ein av grunntankane i humanetikken er at det livet vi lever her på jorda, det er alt. Der er ingenting før, der er ingenting etterpå. Du lever kanskje i 80-90 år, viss du er heldig. Alle dei millionar og milliardar av år som kjem etterpå, er du vekke. Du eksisterer ikkje, og vil aldri meir eksistere. Dette er ein tanke som, når eg prøvar å tenke den heilt til endes, søkk i meg som ein tung stein. Inga framtid, ikkje noko håp.

Kristen tru er på si side knytt til eit heilt konkret håp: Det evige livet hos Gud i Himmelen. Dette er sjølvsagt også eit trusspørsmål. Å tru at det finst ein himmel, og tru på at Jesus har ordna ein veg inn dit. For menneske som har det tungt, og opplever at livet går på tverke, eller opplever krig, forfylging, undertrykking eller død, er det kristne håpet likevel eit anker ein kan “fortøye” livet sitt til. Om alt går i dass her på jorda, har ein eit håp om ei betre framtid der framme, ein gong. For oss som har det greitt dei fleste dagar, er kanskje ikkje tanken på Himmelen og det som kjem etter døden det vi tenkjer mest på. Likevel, dei fleste av oss grublar over livet og døden innimellom.

Det kristne håpet handlar også om det heilt ordinære kvardagslivet. Eit håp om at det finst ein Gud som ser meg og går med meg, kvar dag.

Kjærleik
Så kjem vi til det som Bibelen seier er det aller viktigaste ordet. Kjærleik. Kristendom handlar nemleg først og fremst om kjærleik. Då snakkar eg ikkje om erotisk kjærleik, sjølv om den også absolutt er til stede i Bibelen og vert skildra som ein viktig del av livet. Det handlar heller ikkje om vår kjærleik til Bibelen, til Jesus, til Gud eller til kristendomen. Det er snakk om Guds kjærleik til oss menneske. Bibelen startar med at menneska gjer imot Guds vilje (dei 3-4 første sidene), og resten av boka (om lag 1400 sider) handlar om korleis Gud legg ein plan og kjempar for å få menneska tilbake. Det endar opp med at han til slutt ofrar seg sjølv, vert menneske og døyr på eit kors, berre fordi han er glad i oss. Gud gir alt for å få oss tilbake.

Når du ein gong blir skikkeleg forelska i nokon, vil du forstå litt av den iveren Gud har etter å ha kontakt med deg. Då vil alt du gjer handle om å komme i nærleiken av den er forelska i. Det er nesten som du ikkje klarar å tenkje på noko anna. Slik er Gud. Han er på ein måte forelska i oss menneske, sjølv om det kanskje ikkje er heilt rett ord å bruke.

Kristendomen handlar altså om å tru på noko, om å håpe på noko, men først og fremst om Guds kjærleik til oss og hans ynskje om at vi skal vere hans barn.

Så blir dei verande desse tre: tru, von og kjærleik.
          Og størst av dei er kjærleiken.                               (1. Kor 13,13)


(Andakt på KRIK-samlinga i går kveld)

1 kommentar:

  1. SÅ bra skrevet! Takk :) håper du har det bra. Selv rekker jeg ikke innom alle blogger jeg gjerne skulle besøkt lenger...sånn er det å begynne å jobbe ;) men jeg skal stikke innom når jeg husker, for du har en flott blogg. Ønsker deg en fin søndag og fin ny uke. Spirea

    SvarSlett