torsdag 1. august 2013

Sommarnatt


Når du sit i eit halvkjølig telt,
med solvarm hud og ei bok
der bokstavane knapt kan skimtast i mørket,
og du trekk ullteppet godt rundt beina,
tek ein sup med te
og lyttar til pusten frå tre sovande born -
Smiler til ho i den andre stolen, får eit smil attende,
kjenner sommarnatta komme som ein kjærkomen ven
stille, mjukt, usynleg

Når du legg boka frå deg,
hukar deg ned for å gå gjennom teltopninga,
traske bak teltet og pusse tennene,
medan du ser den raude himmelen over mørke enger 
og nattsvarte skogar,
veit
at der ute, i tusen heimar, flombelyste og varme
sit tusenvis av menneske
og du står her, bak eit sovande telt,
ynskjer natta vil vare og vare -

Kjenner roen, som ei indre kjelde,
vaskar vekk vinterslammet, smuss og rot frå kaotiske dagar,
og ei kjensle av - lukke?
set seg i magen, lukkar seg opp og fyller kvar fiber, kvar celle i kroppen

Kjenner sommarnatta feste seg,
og du er ikkje anna enn ... glad ...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar