lørdag 4. mai 2013

Bøn


Orda er ikkje så viktige
- ikkje talet, ikkje kor flotte dei er

For ein ordgytar som meg
er dette vanskelege ord å ta til seg

Ikkje slik at dei sårar, eller hindrar
Ikkje slik at eg ikkje forstår

Det er berre så vanskeleg å ta stilling til
og rette seg etter

For orda mine er mange, og setningane lange
Av og til er orda større enn meg sjølv

og tek mykje meir plass enn eg hadde tenkt
Likevel: Eg pustar lettare, senkar skuldrene

Også vi med orda treng å slappe av,
også vi treng ei hand over hjarta: Ro ned!

Også vi er fylte med tause sukk, fortrengd fortviling,
nedlåste sorger i reisekista

Orda held alt på plass, men
når orda fell…

Då står det Ein, klar til å ta imot
frigjorte hyl, gråt frå botn av sjela

Lat orda vere få i møte med den Heilage
Ver stille, og deg sjølv, innfor Guds trone 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar