fredag 29. juni 2012

Søvnlaus empati

Omsider kjem eg fram
slår støvet av skoa
og bankar på

Men døra er låst
og ingen opnar

På veggen er det hogge inn
i stein:
"Gå din eigen veg
Du er ikkje velkommen her
Du gjorde ein feil
og vi tilgir eller gløymer
aldri"

 

Eg klarar ikkje sovne
trekk pusten med eit sukk
Tek på tøflene
og låser opp att ytterdøra


Av og til kan ein liggje søvnlaus og angre. Av og til ser ein plutseleg alt så veldig klart, i frå den andre sin synsvinkel. Det svir. Det gjer vondt. Av og til.

Av og til er det heilt ok å angre på val ein har gjort. Av og til er det heilt ok å skifte meining. Av og til er det naudsynt å tenkje gjennom orda og handlingane sine, og passe på at ein ikkje stengjer andre ute.

Av og til er nåde det einaste rette.

onsdag 27. juni 2012

Musikkhistorie del 3

Ein av dei første CDane eg fekk i gåve, og som eg fortsatt høyrer på, er denne fantastisk flotte plata til Bryn Haworth, "Slide don't fret":


Plata består av songar i Rythm and blues-sjangeren, og då kanskje med ei helling mot blues... Det er musikk som ein, eller i alle fall eg, vert i godt humør av å høyre på. Kanskje ein kan kalle det feel-good-blues?

Bryn Haworth er ein meister på slidegitar, og skriv tekstar med bodskap. Anten det handlar om kjærleik, tru, håp, gitarspeling eller kommunikasjon, er tekstane fylte med meining. For min del er akkurat det svært viktig.

Når det gjeld Bryn Haworth sin musikk, likar eg aller best dei songane som handlar om Jesus og trua, for han skriv og syng songar som når hjartet mitt. Som for eksempel denne songen frå plata: "Healing on me":




Ein av dei songane eg i ungdomstida likte aller best på plata "Slide don't fret", var songen "All things work together". Den handlar om at mykje kan gå gale i livet, men Gud kan gjere noko godt ut av sjølv dårlege situasjonar. Ein fin song!

søndag 24. juni 2012

Å, eg veit meg eit land

I det siste er det spesielt ein song dei har spelt mykje i radioen, som eg har fått litt på hjernen, og som eg blir veldig glad kvar gong dei set på. Songen heiter "Å, eg veit meg eit land", og er ei omskriving av Elias Blix sin kjende song med same tittel. Valkyrien Allstars har skrive om teksten, aktualisert den og latt den få eit litt kritisk blikk til den utviklinga vi kan sjå i landet vårt. Det er sytekulturen som får gjennomgå hardast, når dei etter siste vers avsluttar med: "Å, eg skjemmest, å eg skjemmest, eg skjemmest så ved dette land".

Elias Blix skreiv denne songen som ein hyllest til sitt barndoms Nordland, og så har den då også ein alternativ tittel: "Barndomsminne frå Nordland". Trass i dette kjente faktum, er det nok mange av oss "søringar" som også har sunge denne songen med stolt hjarte, og tenkt på vår respektive del av landet, eller kanskje til og med heile landet.

I Valkyrien si nye drakt, er det i alle fall ikkje noko tvil om at det er heile landet dei snakkar om. Songen er med på ei ny plate frå Kyrkjeleg Kulturverkstad, med tittelen: "Norge, mitt Norge...?" Her er det omskrivingar av mange kjente norske songar, og alle set søkelyset på det moderne Noreg, ofte med eit kritisk blikk. Eg har ikkje høyrt plata endå, men denne "teaseren" frå KKV dempar ikkje akkurat lysta på ei gjennomlytting eller to...:



No håpar eg berre at dei spelar heile songen på radioen snart, så eg får høyrt den igjen...

fredag 22. juni 2012

Det vi sit igjen med

Etter 22. juli har ikkje Noreg vore heilt som før. Vi mista litt av uskulda, og samfunnet vart sett på ei hard prøve. Den ti veker lange rettssaka mot terroristen har vist at vi har bestått prøva, og det med glans. Det var ikkje terroristen eller frykta eller hevngjerrigheita som vann. Det var samhaldet og rettsstaten.

I dag høyrde eg på radioen at politiet og forsvaret skal begynne å samarbeide meir, og ha fleire øvingar saman. Dette er eit direkte resultat av 22. juli-terroren. Dei skal samarbeide betre for å kunne reagere raskare og meir presist. Det tettare samarbeidet er eit resultat av det som skjedde i fjor sommar, men samarbeidet handlar ikkje om betre forsvar mot muslimar, innvandrarar eller "kultur-vandalistar" på venstresida. Forsvaret skal vere betre mot slike som Anders Behring Breivik. Det er slike som han vi treng vern mot.

Eg sit også att med ein mykje større respekt for det norske rettsvesenet. Eg har alltid vore tilhengjar demokratiet og rettsstaten, men først no det siste året har eg forstått kor fantastisk bra systemet vårt er. Den sindige og beherska måten terroristen har blitt møtt på, og korleis våre advokatar, dommarar og juristar har nekta å la seg påvirke av folkemeiningar og kjensler, er forbilledleg. Terroristen handla på tvers av heile vår norske livsstil og tenkemåte, og på ein så bisarr, forferdeleg og grotesk måte, at det har vore vanskelege å ta det inn over seg. Det er nok mange som har kjent på hat, naturleg nok. Og mange har nok tenkt tanken at han hadde fortent ein smertefull og langsam død. Men å tenke det er ein ting. Kva som faktisk vert gjort er noko anna. Heldigvis. Han har blitt behandla som alle andre lovbrytarar, og skal dømmast etter den same lova som gjeld for alle som kjem for norsk rett. I denne saka er det terroristen som er den avvikande.

Eg syns det er flott at vi har eit rettssystem som begynner på null og ikkje dømmer den tiltalte på førehand. Det er fantastisk at forsvararane kan be retten om å frikjenne tiltalte, endå alle veit, og han har innrømma, at han har drept 77 menneske og skada mange andre! Sjølv vi så og seie kan garantere at han ikkje vert frifunnen, er det ei fin symbolhandling. Den tiltalte skal behandlast rettferdig, og ikkje vere dømt før juryen og dommarane har avsagt dommen!.

I dag skulle terroristen sjølv få komme med eit innlegg mot slutten av rettsmøtene. I det han får ordet, reiser dei pårørande som var til stades i salen seg, og går stille ut. Ein stille og verdig protest, som meir enn tydeleg demonstrerar kva dei meiner om terroristen. Utan eit ord talte dei ein tydeleg tale, mykje meir effektivt enn alle skjellsord eller hemnforsøk som kunne vorte brukt.

Det vi sit igjen med etter denne forferdelege tragedia, og rettssaka som har fulgt, er:

- 77 menneske som har vorte frårøva livet og framtida.

- Ei mengde såra menneske, som kjem til å bere psykiske og fysiske arr resten av livet.

- Ei mengde menneske som sit att med sorg og sakn, og ein kvardag så annleis enn den burde vere.

- Ein  rettsstat som har vist at den fungerer.

- Ein terrorist med djupe personlegdomsforstyrringar, og som vi forhåpentlegvis ikkje får høyre meir til i det offentlege Noreg.

- Og sjølvsagt ein del utfordringar, som ein noko snevrare politisk debatt. Sidan terroristen så effektivt øydela for dei innvandringskritiske stemmene, og gjorde slik at dei ikkje har vorte tekne på alvor det siste året, har vi ein veg å gå for å få eit ope debattklima i landet vårt.

- Eit større medvit om kor viktig det er å vise godleik og samhald. Eg får frysningar på ryggen når eg tenkjer på det enorme rosetoget i Oslo i fjor sommar, og eg syns det er ein veldig fin symbolbruk i møte med denne type avskyelege handlingar.

Vakt utanfor Oslo tinghus
 - Eit større medvit om kor viktig det er å vere redeleg i sin politiske argumentasjon, og alltid halde sak og menneskeverd i fokus, og ikkje trakke medmenneske ned med orda ein bruker. (Ok, dette siste punktet er ynskjetenking får mi side. Eg håpar denne type debattklima kan bli verkeleg.)

- Dessutan sit eg igjen med ein djup respekt for forsvararen Lippestad. Den hårfine balansegangen han har måtte foreta dette året, og den gode måten han har takla dette på, har vist at Noreg har advokatar i stjerneklassen!

Til slutt vil eg seie, sjølv om det kanskje ikkje er heilt politisk korrekt: Eg sit også att med eit sårt hjarte for terroristen. Eg tykkjer oppriktig synd på han. Dei vrangforestillingane han har, og det heilt forvrengte verdsbildet og den idiotiske og klokkeklare trua på at det han har gjort var naudsynt. Og den stivnakka måten han møter i retten på og korleis han stenger alle kjensler ute og nektar å ta inn over seg kor grusomt det han har gjort er (truleg fordi han faktisk trur at det er noko ettertida, eller kven han no har gjort dette for, skal takke han). Slike menneske er det verkeleg synd på. Eg håpar han vert sitjande innesperra resten av livet sitt, men eg håpar like sterkt at han må innsjå kva han har gjort og angre. Og eg håpar inderleg at han, etter å ha innsett sitt enorme feilgrep, kan få møte den evige Guds nåde, for det er det einaste han verkeleg har behov for.

torsdag 21. juni 2012

Sinner songwriter

I dag har eg lyst til å vise eit fantastisk bra bilde eg såg på facebook i dag:


Det er australske Paul Colman som både er på bildet og som har lagt det ut. Eg hadde sansen for tittelen "sinner songwriter", stilig ordspel! Og så set han fokus på det viktigaste aspektet ved lovsang: Vi er syndarar som lovprisar den allmektige Gud fordi han elskar og er nådig mot oss!

Eit anna "likabelt" bilde av Paul Colman:


KRIK!

Det er  kjekt når artistar av dette formatet kjem til Noreg! Han har vore med på Skjærgårdsgospel tidlegare, og eg veit at han skal vere med på Take Off-festivalen på Lista seinare i sommar.

Ein av mine Paul Colman-favorittar:



Eit anna stort band som også er glad i Noreg, er det amerikanske bandet Leeland. Dei skal vere med på både Skjærgårdsgospel, Jesus Festival og UL i kongeparken. Den som berre hadde hatt anledning til å fått med seg noko av det...


Uansett kan ein jo lytte til dei på youtube, sjølv om det slett ikkje blir det same...




onsdag 20. juni 2012

Soldat med våpen vs Soldat for Kristus

I dag las eg Boris Vian sitt kjente dikt "Herr President" medan eg hadde ein arbeidspause på jobb. Slik er første verset:

Herr president, jeg skrev et brev jeg nu vil sende, 
og får De tid, kan hende De leser dette brev. 
For jeg har mottatt selv et brev fra militæret, 
som sier jeg skal være ved fronten onsdag kveld. 
Men jeg er ikke sendt til jorden for å drepe, 
så meg kan ingen slepe i krig, herr president. 
Beklager hvis det gjør Dem sint å lese dette.  
Nå har De altså sett det: Jeg vil bli desertør!

Det er særleg ei linje i dette verset som traff meg i dag, nemleg denne: "Men jeg er ikke sendt til jorden for å drepe, så meg kan ingen slepe i krig, herr president". Eg kan verkeleg kjenne fortvilinga som ligg bak denne utsegna, og eg kunne ikkje sagt meg meir einig. Gud har ikkje skapt oss til å drepe!

Så begynte eg å tenkje på kor urettferdig det er, at nokon kan tvinge andre til å gå til krig. Presidentane og kongane og dei som styrer, har til alle tider bygd opp hærar, og frå tid til anna, og dessverre veldig ofte, har dei sendt desse hærane i krig. Krangel om makt og krangel om grenser har ført mang ein uskuldig og fredeleg bonde, rørleggjar, snekker eller lege ut i krig med våpen i hand. Menneske som kanskje først og fremst har lyst til å bli vekt av vekkarklokka om morgonen, tusle på jobb, gjere den jobben ein har utdanna seg til, komme heim og ete middag og tilbringe tid saman med familien. Menneske som heller vil sitje i ein sofa og fortelje vitsar og gode historier saman med venner. Menneske med ynskje om å kunne sovne under ei varm dyne, medan dei held rundt den dei er mest glad i av alle.

Desse fredelege menneska vert dregne ut av heimane sine, får på seg ein uniform og eit våpen i handa, og så får dei beskjed om å gå på rekke og til slutt drepe fiendar, så mange dei kan. Medan dette skjer, sit presidenten heime i residensen sin og får maten servert til si faste tid... Og kva bryr det vel han, eigentleg, om den unge snekkaren eller bonden vert drepen av ei kule og gravd ned saman med fjorten andre i ei provisorisk grav? Han kjenner han ikkje. Han har berre beordra til krig.

Dette er urettferdig. Eg håpar for det første at eg aldri kjem i ein slik situasjon. Eg er ikkje sendt til jorda for å drepe. For det andre tenkjer eg på alle dei som har opplevd eller opplever dette. I kveld faldar eg hendene mine for dei.

Ei tid tilbake såg eg dette bildet i ein reportasje frå Syria:


Først kasta eg berre eit blikk på det, og arkiverte det under "endå eit krigsbilde". Men så studerte eg det litt nøyare, og la merke til det halve kjøkkenet litt oppe, midt på bildet. Der står det ein mikrobølgjeovn, eit kjøleskap, fleire hyller og andre ting som eg ikkje klarar å identifisere. Morgonen før denne bomba eksploderte, stod det kanskje ei kvinne på dette kjøkkenet. Kanskje la ho eit halvtint brød inn i mikrobølgjeovnen. Kanskje trakta ho kaffi og åt frukost saman med mannen og borna. Kanskje snakka dei om skulen, om arbeidet til mannen. Kanskje var dei bekymra, med tanke på all uroen i landet.

Nokre timar seinare finst ikkje kjøkkenet meir, og familien, viss dei overlevde, har ikkje lenger ein stad å koke kaffi. Så blodig urettferdig rammar krigen! Det er til å grine av.

I Sakarja 4, 6 står det slik:

Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren over hærskarane.

Som kristne skal vi ikkje kjempe med våpen. Det er ikkje det vi er skapte for. Vi er skapte for å høyre og fylgje Guds Ande. Vi skal ikkje kjempe med våpen, men med ånd. Den Heilage Ande skal gi oss mot og kraft, og visdom til å ta dei rette stega. Dette er den rette måten å "kjempe" på: Ei hand løfta til Gud, ein open Bibel i den andre, augene festa på Jesus og beina trygt planta på bakken:



Måtte Gud bevare oss mot det å nokon gong måtte ta opp våpen for å skade andre. Måtte Gud fylle oss med sin Ande, og omforme oss til menneske som lever etter Hans vilje. Og måtte Gud bevare alle dei som lever der det er krig.

mandag 18. juni 2012

lørdag 16. juni 2012

Musikkhistorie del 2

Året er 1996. Ein gjeng elevar frå vidaregåande, starten av 2. klasse, er på ekskursjon til Førde. Vi skal lære om industri, kommuneutvikling og brear. I ein pause går vi bort til det ganske så nyopna Førde Torg, endå eit handelssenter i hjartet av handelsknutepunktet i Sunnfjord. Dei fleste køyrer gjennom Førde, handlar og køyrer vidare... I toppetasjen er der kome ein ny og spennande butikk, som appelerer veldig til kontordelen av hjernen min: Tybring-Gjedde! (Seinare "Binders", og no "Staples") Her er det brevordnarar, holemaskiner, skrivepapir i dei fleste variantar, pennar, markeringstusjar, stiftemaskiner... så mange gode ting!

Rett før kassa står det eit høgt CD-stativ, og på toppen står det: Opningssal! Eit raskt overblikk over hyllene, og vi slår fast at her er det klassisk musikk som er i vinden. Eg hadde lite greie på den slags, hadde vel i grunn berre ein einaste verkeleg preferanse til sjangeren, nemleg Georg Friedrich Händel sin "Water music", og då særleg "Music for the royal fireworks". Vi høyrde ofte på klassisk musikk på slutten av musikktimane i 8.klasse, og overtyren til fyrverkerimusikken var ein av dei melodiane som eg verkeleg likte. Eg fann plata med "Water music", og i tillegg fann eg denne:


"Minute waltz", eit av Chopin sine verk. Eg har ikkje så ofte tolmod til å sitje ned og høyre på klassisk musikk, og kjem ikkje så ofte på å setje det på som bakgrunnsmusikk heller. Men akkurat denne plata har eg faktisk høyrt ein del på, både bevisst og underbevisst... Eg brukte den nemleg som "vekkarklokke" ein lang periode i tida etter Førde-ekskursjonen. På CD-spelaren hadde eg ein slik "timer"-funksjon. Eg stilte inn tida, og sette ofte akkurat denne CDen i spelaren.

Chopin laga vakre og behagelege melodiar, som det slett ikkje er så verst å vakne til!

fredag 15. juni 2012

Spire i månelyset

Den stod vekkgøymt,
i ein bergsprekk
der ingen solstråle, nokon gong
kunne finne vegen.
Den vesle spira speida
og lengta
Den tenkte gode, varme tankar
Og tenkte såre, sinte tankar
Men ingenting hjalp
Ingen solstråle kom
og knoppane fekk aldri springe ut

Så ei natt
- eg såg det sjølv
kom ein månestråle smygande
Blåvarm, lysevarm og klar
Den strålte på spira
eit lite minutt
Og så, litt seinare
endå nokre minutt
Og det var alt som skulle til
Den vesle spira opna sine knoppar,
strekte seg mot månelyset
Og kjente seg levande
for aller første gong






(Bilde: Justin Villaverde, JVPhotography.net)

onsdag 13. juni 2012

Musikkhistorie del 1

Eg innsåg for ei tid tilbake at det snart ikkje er særleg vits i det å kjøpe CD lenger. Det meste kan ein lytte til på Spotify, og ynskjer eg eit album til odel og eige, er det gjerne like greitt å kjøpe mp3-versjonar over nettet. Eg lyttar då likevel mest til musikken når eg jobbar på datamaskina!

Denne erkjenninga gjorde meg i grunn litt trist. Og så kan vi legge til ein samtale eg hadde med nokre ungdommar for ei stund sidan, der dei påstod at ein slett ikkje trengte å betale for musikken, ein kunne berre laste den ned! (Etterfulgt av eit litt skeivt smil til meg då eg fortalte at eg sjølvsagt betalte for songar eg lastar ned - Det var kanskje noko gammaldags?) Dermed vart eg endå tristare.

Eg har mange gode minner knytta til musikk og musikkjøp. Å kjøpe CD, og før det kassettar, var dyrt i ungdomstida. Det var ikkje noko eg berre kunne gjere akkurat så ofte som eg gjerne ville. Eg måtte spare, og eg måtte vurdere om eg ikkje eigentleg burde bruke pengane på noko anna... Av den grunn var det ekstra stas når det då plutseleg kom ein ny kassett eller ein ny CD inn i hylla mi! Og sidan det var så sjeldan, har eg minner knytta opp til dei fleste musikkjøpa. Slike minner går "laste ned gratis"-generasjonen glipp av!

Den aller første CDen eg fekk, heitte "Tretten tidløse" med gruppa ResQ.


ResQ hadde eg god kjennskap til, for dei pleidde spele på UL akkurat dei åra det var aktuelt for meg å delta der. Eg hadde allereie ein kassett av gruppa, albumet "Pasjon". Eg likte musikken. "Tretten tidløse" var eitt av fleire val eg kunne gjere i ein eller annan kampanjesamanheng. Anten var det verving, eller så var det det at eg begynte å abonnere på eit blad eller noko. Uansett kva det var, så valte eg i alle fall å få med denne CDen.

Einaste problemet var at eg ikkje hadde CD-spelar... Eg var i grunn ganske seint ute med å få tak i spelar for denne typen musikkmedium, eg hadde ein god kassettspelar og det var i grunn nok. I alle fall heilt til eg fekk CD-plate... "Tretten tidløse" vart sett i kassetthylla mi, og teken ned og studert og beundra av og til. Men høyre den? Nope, ikkje sjanse. (Her er det greit å vite ein liten detalj om meg: Eg er samlar av natur, så det å endeleg eige sin eigen CD var temmeleg stort. Det at eg ikkje fekk høyre den med det same var ein mindre detalj...)

Omsider kjøpte eg meg CD-spelar, eg også, og kunne endeleg snurre plata eg hadde sett på i så lang tid. Sidan den var ei av berre tre plater eg eigde då eg kjøpte spelar, vart den naturleg nok lytta mykje til. Eg kan når som helst endå, over 15 år seinare, framkalle mange av arrangementa i hovudet. Og det seier eigentleg ein del, når ein tek med i reknestykket at det einaste forholdet umusikalske meg har til musikk, er lytting!

Viss du er nysgjerrig på korleis ResQ og "Tretten tidløse" høyrtes ut, kan du få høyre små 30 sekunders snuttar her på Wimp (eller heile songane, viss du abonnerar...)

Songliste:

NÆRMERE DEG, MIN GUD



PRELUDE


DU FAR OG HERRE


POSTLUDE



AMAZING GRACE


HVILKEN VENN VI HAR I JESUS. DEL 1


HVILKEN VENN VI HAR I JESUS. DEL 2



MILDE JESUS DINE HENDER


LET US BREAK BREAD



PRELUDE


Å TRO DET ER


PRELUDE, THEY CRUCIFIED MY LORD. DEL 1


THEY CRUCIFIED MY LORD. DEL 2


POSTLUDE, THEY CRUCIFIED MY LORD. DEL 3


Å, HVOR SALIG DET SKAL BLIVE


O STORE GUD


SWING LOW


JEG FOLDER MINE HENDER SMÅ


PRELUDE


Å, FOR DJUP I JESU KJÆRLEIK

tirsdag 12. juni 2012

Bibelen - ei bok om kjærleik

I bilen på veg til jobb i dag tidleg høyrde eg eit intervju med ein politiker på radioen. Mannen NRK snakka med, er fylkespolitiker og lokalpolitker på Karmøy. Han har motteke ei rekke negative tilbakemeldingar på det som vert skildra som "sosialisme". Mannen representerer Arbeiderpartiet, og har fått advarslar om Guds vreide og straff for den politikken dei fører. Det er hovudsakleg dei som er ueinige i saka om den kristne formålsparagrafen i skulen som kjem med slike utsegn.

Eg kjente at eg nesten fekk litt vondt i magen der eg sat. Sjølv om dette sjølvsagt ikkje har noko med meg å gjere, går det inn på meg når menneske som kallar seg kristne sender truslar, hatmeldingar og fordømmande kommentarar med ord om Guds straff. Det er ikkje slik det skal vere. DET ER IKKJE SLIK DET SKAL VERE!

Bibelen er ei mangfaldig bok, som rommar alle menneskelivet sine kjensler og svingningar. Dei fleste både vonde og gode tinga vi menneske kan komme ut for, er skildra på ein eller annan måte i boka. Nokre tekstar er uforståelege, andre er klare og direkte. Uansett korleis ein tolkar enkelttekstar, er heilskapen mykje tydelegare. Det går ein raud tråd, ein kjærleikstråd, tvers gjennom heile boka. Agape, Guds kjærleik til oss menneske, er det som pregar boka. Sjølvsagt finn vi både eros, den erotiske kjærleiken, og philos, brødrekjærleiken i Bibelen. Dette er viktige sider ved menneskelivet! Likevel er det agape som er den største straumninga, og denne kjærleiken skin gjennom på mange måtar.


Eg kom på ei frase frå Romarbrevet kapittel 12 då eg sat der i bilen og høyrde på intervjuet med denne mannen som hadde fått så mange vonde ord mot seg. Det var frasa: "... velsign og forbann ikkje." Det er det vi er kalla til. Å velsigne!

Her kjem verset i sin kontekst, Rom 12, 9-18. Opp med handa alle som finn oppfordring til hatmeldingar, fordømming eller forbanning av andre menneske i desse versa:

"Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode!  Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren! Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna. Ver med og hjelp dei heilage som lid naud, og legg vinn på å vera gjestfrie. Velsign dei som forfølgjer dykk, velsign og forbann ikkje. Gled dykk med dei glade og gråt med dei som græt. Ha ei og same haldninga dykk imellom, trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke! Løn ikkje vondt med vondt; ha tanke for det som er godt for alle menneske. Gjer alt de kan for å halda fred med alle menneske, så langt det er mogleg."

Kapittel 12 i Romarbrevet er eit kapittel vi som kristne burde lese så ofte som råd er. I bibelselskapet si oversetjing har kapittelet fått overskrifta "Det kristne livet". Det er slik det kristne livet skal levast!

mandag 11. juni 2012

Svolten

Det er svolten
som driv oss fram

Det er svolten
som skaper hunger
etter noko meir

Det er svolten
som dyttar og pressar
Tvingar oss
mot stadig større mål

Det er svolten
som er drivkrafta
bak ynskjet om
å lukkast
Om å utrette noko

Det er svolten
som er motoren i maskineriet

Så kva kan vi utrette
her vi sit
Stappmette i polstra lenestolar
og fri tilgang til
alt?


(Illustrasjonsbilde henta her)

lørdag 9. juni 2012

Menneske, naturen og Gud

Når eg går i fjellet, eller ser ut over havet i skjærgården eller går ute ei mørk haustnatt og ser mot stjernene, får eg den kjensla som salmediktaren skriv om i Salme 8:


Eg kjenner meg utruleg liten, og verda vert så stor. Berre dei mektige fjella rundt meg, her eg bur, burde vere nok til å bli audmjuk. Når eg då begynner å tenke på kor stort Noreg er, og igjen kor lite Noreg er i forhold til resten av verda... Eg har berre sett ein brøkdel, og knapt nok det, av det som finst på jorda.

Om kvelden vert himmelsløret trekt til side, og vi kan sjå gjennom atmosfæren og ut i det store universet. Stjernehop på stjernhop, milliardar av galaksar og fjerne himmellekamar. Det er ufatteleg stort, og når eg startar å tenke på kor langt ut det i det heile er mogleg å komme, og kor langt vi må reise for å komme til enden (Viss den då finst?), så mistar eg litt pusten. Og vert litt redd, faktisk. Eg vert så liten, og universet vert så ufatteleg stort.

På denne vesle planeten som vi kallar Jorda, ein liten prikk i det store verdsrommet, i eit lite land, i ei lita bygd, i ei lita stova. Der sit eg. Eit støvkorn i forhold til alt det som finst. Saman med meg, i det same vesle rommet, er det to personar til. Der er ei kvinne som eg elskar over alt anna på jord, og som har valt meg av alle dei milliardar andre ho kunne valt. Og den tredje personen i rommet er ingen ringare enn universets skapar. Gud sjølv. "I det høge og heilage bur eg, og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda" (Jes 57,15) Universets skapar er heilag, og tronar over alt det skapte. Han valte likevel å audmjuke seg, bli eit menneske og dele våre livserfaringar (Fil 2,7). Han veit kva vi menneske strevar med, og han ser til oss og passar på oss. Endå vi er små prikkar i det store universet, elskar Gud Fader oss så høgt at han til og med ofra sitt eige liv for oss!

Då må eg spørje: Kvifor? Kva er så spesielt, eigentleg, med oss menneske? Eg veit ikkje, eg er berre glad Gud har sagt at han elskar oss, og ynskjer fellesskap med oss.

Sjølv om eg er ein liten prikk, eit støvkorn, imot heile Guds univers, så er eg likevel ikkje gløymt. Gud er glad i støvkornet sitt, og å vite det tek vekk frykta for det uendelege store rommet eg er ein del av!

Job, mannen som fekk oppleve så utruleg mykje liding, og som anklaga Gud både for å ha skapt han og for å behandle han urettferdig, rettar ein harmdirrande peikefinger mot den Allmektige. Venene til Job rettar på si side dirrande peikefingrar mot han, for dei meiner han spottar Gud. Då svarar Gud dei, og set dei alle på plass: Kva veit vel dei (og alle andre menneske) om kva Gud tenkjer, planlegg og ynskjer? Kva veit vel menneska om Guds allmakt, eigentleg? I Job 38-41 gir Gud ein mektig tale, som fører til at Job til slutt bøyer knea og erkjenner at han er mykje mindre enn Gud. Eg syns at Jobs bok er ei fantastisk flott bok å lese, og dei gongane eg ikkje forstår Gud (les: dei gongane eg innser at eg ikkje forstår Gud, forstå Han gjer eg aldri), så tek eg fram slutten på Jobs bok. Der set Gud tinga på plass!

Todd Agnew har laga ein stilig song ut av Guds tale i Jobs bok, og i videosnutten under kan du høyre den, samt sjå ein drøss med tankevekkjande bilder. Kvar gong eg ser denne filmen, får eg lyst til å setje den på pause ved kvart bilde, for å studere dei og tolke dei!

fredag 8. juni 2012

Ting eg håpar er i Himmelen (2) - Kake

Barndomens søndagsbesøk = Saft og kaker
Konfirmasjon = Saft og kaker
Bryllaup = Brus og kaker
Kyrkjekaffe = Saft og kaker
Dåpsfest = Saft og kaker
Bedehusbasar = Saft og kaker
Bursdagsfest = Saft og kaker
Markering av store dagar, på jobb eller elles = Saft og kaker

Eg kjem frå vestlandet. Eg er oppfostra på saft og kaker. Det er sjølvaste Festmaten. Eg håpar verkeleg der er eit kakebord, på tradisjonelt vestlandsk bryllaupsvis, i Himmelen.


Og der, sidan alt er godt og ingenting er gale, kan eg endeleg ete så mykje som eg verkeleg har lyst på!

onsdag 6. juni 2012

Fri som fuglen

I går kveld, på bibelgruppa, hadde vi besøk av Ketil Stokkeland frå Norforsamlinga på Vigrestad. Han hadde med seg ei tankevekkjande historie som vi brukte som utgangspunkt for samtalen. Eg syntes det var ei så bra forteljing, at eg gjerne vil dele den vidare, og så dele nokre tankar eg fekk då eg høyrde den. Eg har dessverre ikkje historia framfor meg, så her kjem min eigen, gjendikta versjon:

“Det var ein gong ein liten fugl som levde i utkanten av den karrige ørkenen. Kvar morgon flaug han ut frå reiret, på leit etter mat i det skrinne jordsmonnet. Makkane han fann var små og pjuskete, og mesteparten av dagen gjekk med til leitinga. Kvar ettermiddag flaug han mett og god over sand og kratt, svevde oppover og stupte nedover og solte seg i det varme lyset frå sola. Når kvelden kom var han glad og fornøgd, og kjente på lukka over å kunne sove i sitt eige reir. Neste morgon var det tilbake til det vanlege strevet med å finne mat.

Ein føremiddag traff han på ein handelsmann som stod med vogna si på ein støvete og avsidesliggjande landeveg. Akkurat denne morgonen hadde det vore ekstra vanskeleg å få tak i mat, og teksten på ein stor plakat ved sidan av vogna trakk den vesle fuglen til seg. “Store, feite makkar til sals!” stod det på skiltet. Dette er noko for meg, tenkte fuglen, og nærma seg forsiktig. Handelsmannen såg den vesle fuglen, og heldt fram ein neve med dei største, feitaste og deiligaste makkane fuglen nokon sinne hadde sett. Dei måtte vere fire gongar så store som dei største han kunne finne rundt reiret sitt! Fuglen tok endå eit steg nærare, og kikka nysgjerrig på mannen.

Handelsmannen plukka ut to makkar frå  neven, og løfta dei opp i lufta. No kunne fuglen sjå endå tydelegare kor saftige dei var, og hoppa endå nokre steg nærare. “To makkar for ei fjør!” smilte handelsmannen, “Berre ei lita fjør for desse to!” Fuglen syntes ikkje det var så urimeleg. Fjør hadde han mykje av, og ei frå eller til hadde ikkje så mykje å seie. Han flaug fram og snappa til seg dei to makkane, og svelgte dei med stort velbehag. Det var det beste han nokon sinne hadde smakt! Så nappa han ut den minste fjøra han kunne finne frå under høgre vinge, og gav den til handelsmannen. Begge var fornøgde med handelen.

Neste dag flaug fuglen ut for å sjå etter handelsmannen, og fann han på den same staden. Dei gjorde den same handelen også no, og fuglen kunne flyge mett og glad av stad. Kvar dag stod handelsmannen der, og fuglen oppdaga raskt det største godet ved handelen: No hadde han heile dagen for seg sjølv, han kunne fly rundt og gjere akkurat det han ville! Kjensla av fridom var grenselaus, og kvar kveld la han seg lukkelegare til sinns enn kvelden før.

Den svinnande fjørdrakta bekymra han ikkje, for han levde på ein varm stad med lite bruk for isolasjon. Dessutan visste han at med tida ville det vekse ut nye fjør, og han kunne stoppe handelen kor tid han ville. Han hadde kontrollen, og såg ikkje den store ulukka før det var for seint.

For ein dag, etter endå ein lukrativ handel, kasta fuglen seg ut i lufta for å fly av garde, men i staden for å sveve, falt han tung på bakken. Dei store feite makkane hadde auka kroppsvekta hans til det dobbelte, og han hadde gitt frå seg så mange fjører at dei han hadde att ikkje klarte å bere kroppen hans lenger. Med bankande hjarte stirra han hjelpelaust opp på handelsmannen med ei bøn om hjelp. Men handelsmannen berre smilte til han, og denne gongen var det ikkje eit mildt smil. Fuglen såg berre grådig ondskap, og tårene rann nedover det nakne fugleansiktet då handelsmannen løfta han opp og stengte han inne i eit bur.”

I originalforteljinga vart det også presisert at handelsmannen er djevelen sjølv. Det er eit viktig poeng å ta med seg når ein skal reflektere rundt bodskapen i teksten! Det er særleg to tankar som sit att hos meg etter å ha høyrt historia. Den første var det Ketil som poengterte i løpet av samtalen etterpå. Han sette fokus på fuglen, og korleis det var meininga at den skulle vere. Fuglen skulle vere fri, han skulle kunne sveve fritt under himmelen og leve det livet Gud skapte han til. Ketil flytta også fokuset litt vekk frå den tanken at fuglen var dum, lot seg lure og handla uklokt, altså den tanken at vi som menneske (som fuglen er eit bilde på) skal gå rundt og ha dårleg samvit for alt som går gale og alt vi skulle gjort annleis. Då vert fokuset veldig negativt! Ved å heller tenkje at fuglen vart lurt, at det var ein som stal frå han det gode livet, vert fokuset litt annleis. Då kan ein heller konsentrere seg om problemstillinga: kva skal eg gjere for å unngå å bli lurt? Og korleis er det livet Gud vil eg skal leve?

Handelsmannen tok ei relativt låg betaling for makkane. Berre ei fjør for kvar handel. På sikt vart kostnaden likevel veldig høg. Dette er ei erfaring mange av oss har gjort. Dei små feilstega verkar ikkje så farlege der og då. Viss eg samanliknar meg sjølv med ein mordar eller seksualforbrytar, vert mine feilsteg så små. Det kan ikkje vere så farleg... Men for kvar gong eg tenkjer slik, mistar eg ei "fjør". Djevelen stel ein liten bit av trua mi, av tilliten min til Gud, av ærlegdomen min, av godheten min, av tolmodet mitt, av kjærleiken min, av alt det som Gud har gitt og ynskjer å gi meg. Bit for bit plukkar han det sund, og til slutt vil eg merke at prisen for alle småfeila, alle kompromissa, alle dei gongane eg har tenkt at det er ikkje så farleg og at eg kan endre kurs når som helst og når eg vil, vert for stor.

Vi er skapte til eit liv i fridom. Vi er skapte til eit liv som Guds barn og som medvandrarar for kvarandre. Ved å søke til Jesus, lese hans ord, be til han og dele fellesskap med andre kristne og hjelpe kvarandre fram på vegen, vil vi kunne halde oss "i lufta", og ikkje så lett bli lurte av djevelen sine fristande tilbodsskilt.



Og då kjem eg inn på den andre tanken eg sit att med, nemleg kva djevelen faktisk tilbyr. Fuglen streva med å finne mat i den karrige jorda. Så kom handelsmannen og tilbaud han ei enkel og forlokkande løysing. Det vart komfortabelt og enkelt å leve. Han trengte ikkje slite meir, og kunne bruke tida på andre ting.

Dette les eg som ein liten advarsel mot både egoisme og tilsynelatande enkle løysingar. Vi her i Noreg bur i eit land med overflod. Det er lite strev for å få mat på bordet, det er lite strev for å få klede og husrom, det er lite strev med det meste når det gjeld materielle ting. Sjølv dei fattige blant hos lever relativt gode liv, viss vi samanliknar med land der dei verkeleg strevar. Det finst menneske som ikkje eig meir enn dei kan bere i hendene. Det finst born som bur i treskur, ja til og med born som lever liva sine i kloakken eller på søppelfyllingar. Det finst menneske som brukar heile si vakne tid på å finne nok mat og varme til å overleve endå eit døgn.

Djevelen tilbaud ei enkel løysing. Komfort. Prisen var å miste seg sjølv og sin fridom. Bit for bit. Vi på passe på så ikkje ynskjet om komfort, om rikdom, om hus og bil og båt, om stilige klede og dyre telefonar, tek frå oss det vi verkeleg treng: Fridom frå synd, tilgjeving, kjærleik, omsorg for medmenneske, omtanke og klokskap, vilje til å dele av godene våre.

I eit land der framandfrykta, rikdomen og egoismen veks som aldri før, er vi i ferd med å byte ut vår gudgjevne fridom med falsk lukke?

mandag 4. juni 2012

Identitet

Eg er vestlending
Det er her eg høyrer til
Mellom høge fjell
og
skogar i spiss vinkel
mot dei bratte berga

Eg er vestlending
I hjarta mitt renn det ein fjord
Den er djup og mystisk
og
speglar dei grå skyene
som siglar over himmelen

Eg er vestlending
Nynorsk er mitt språk
Orda er mjuke
og
ingenting kan skrivast
så fint som "kjærleik" og "von"

Eg er vestlending
Huda mi er prega av
Vind og regn
og
sola, som av og til
lagar gull utav mose og lyng

Eg er vestlending
Berre her vest
er eg verkeleg fri
og
aldri om eg byter vekk
fjordane, fjella - eller regnet



Sjølvaste barndomsbygda, Balestrand!

Og heimstaden, Erfjord:




søndag 3. juni 2012

Å rote seg vekk i "kloke" tankar

Eg har ein lei tendens til å komplisere trua. Viss og om og men og kva om slik og kva om datt, slik kan eg rote det heile til, rett og slett gå meg vill i eigne funderingar. Eg vil så gjerne forstå alt, og vil så gjerne at alt skal vere logisk og greit, og vil så gjerne at alt eg lærer om Gud skal passe inn i mitt verdsbilde og mine tankar og mine forestillingar. Omtrent slik:


I staden for å følgje den beine vegen til målet, og kvile hos Jesus og i det han gjorde for meg på korset og då han stod opp att, så går eg ein omveg og rotar meg vekk i kompliserte tankar som ikkje fører meg til det sentrale.

Eg trur mange menneske har det på same måten. Eg har den fordelen at eg kjenner Jesus. Eg har fått knele under korset, lagt mitt liv i Jesu hender og har fått ei tru som etterkvart har blitt ganske slitesterk. Så når eg rotar meg ut på avvegar, vert eg stadig innhenta av Jesus. Han talar til meg gjennom Bibelen, og han talar til meg gjennom andre menneske som held fram dei viktige tinga og forklarar meg, nok ein gong, kva som er lurt. (For eksempel dette blogginnlegget: Pappakjærligheten av Victoria Vik) Jesus dreg meg inn til seg, gong på gong, og kviskrar til meg: Du er mitt barn.


Så er det ganske mange menneske, store tenkarar og lure menneske, som prøver å løyse mysteriet med livet og tilværet generelt. Dei ynskjer ikkje å inkludere Gud i dette mysteriet, og prøver å finne ei løysing der dei slepp å forholde seg til han. Dei held seg i den same labyrinten. Der står tydeleg oppmerka at det er blindgate, men dei klarar å oversjå det. Mest fordi dei ynskjer å oversjå det! Eg syns C.S. Lewis skildra dette på ein veldig fin måte i boka "Den siste striden" (Bok nr. 7 i Narnia-serien). Der møter vi på ein flokk med tvers gjennom kloke dvergar, som har gått gjennom porten inn til det nye Narnia. Der inne er det grøne enger, blå himmel, vakre tre og eit landskap som tek pusten frå deg. Viss du ser det. Dvergane såg det ikkje. Døra inn til nye Narnia var eigentleg døra inn til eit skur, og dvergane fekk rett og slett ikkje med seg den store forandringa rundt seg. Fordi dei ikkje ville få den med seg. Dei såg skuret, og sat der i sitt innbilte mørke, medan dei andre dansa og sang rundt dei, og gjekk lenger inn i landet. Dvergane vart sitjande att i mørket. Dei var for skeptiske til å tru kva som faktisk hadde hendt...
 
I dagens bibeltekst frå Lukas 10, kan vi lese: "I same stunda jubla han [Jesus] i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, for dette var din gode vilje." (Vers 21)

Det er ikkje alt vi kan sjå med forstanden og klokskapen vår. Enkelte ting må vi berre tru. Grunnen er at vi rett og slett ikkje kan fatte det, nokonsinne! For eksempel er det umogleg for oss menneske å forstå at nokon kan stå opp att frå dei døde. Er nokon død, så er dei død. Punktum. Alle våre erfaringar peikar i den retninga. Likevel stod Jesus opp att! Det som verkar umogleg for oss å forstå, er mogleg å tru. Den Heilage Ande skapar trua i oss, viss vi slepp han til. 

Du treng ikkje leite i store katedralar, anerkjente utdanningsinstitusjonar eller djupe og kronglete bøker for å finne den sterkaste trua. Alt du treng er å stole på det Jesus sa, om lag som eit lite barn stolar på sine foreldre. Det er ikkje gjennom tunge teologiske dogmer og læresetningar Jesus frelser oss. Det er gjennom den barnlege trua på hans død og oppstode, og gjennom den barnlege tillita til at hans nåde er nok, at vi vert opne for hans frelse i liva våre.

Ikkje rot deg vekk i labyrinten. Gå til Jesus!

fredag 1. juni 2012

ApologetiX

For ein del år tilbake oppdaga vi eit noko spesielt amerikansk band. Nemleg:


Og for nokre dagar sidan gjenoppdaga eg det, etter å ha "gløymt" det i mange år. I grunn litt rart, for dette er både artig og bra musikk!

Bandet framfører parodiar på kjente songar. Det er både morsomme og stilige songar, men det beste av alt er at tekstane formidlar anten bibelhistorier, bibelsk etikk eller tankar om ulike tema sett frå ein kristen ståstad. Tekstane er solide og gode, og kombinert med solide musikarar er dette kjekt å høyre på!

Sjølve namnet ApologetiX er henta frå ordet som på norsk heiter "apologetikk", eller "trusforsvar." Ein apologet er ein som forsvarar den kristne trua, ved å argumentere ut frå både Bibelen og den kunnskapen vi har tilleigna oss om verda så langt. Trua er altså fundert på både Bibelen og fornuften. Ein av dei mest kjente apologetane i vår tid er kanskje C.S. Lewis, som ofte forsvarte den kristne trua ut frå allmenn fornuft, filosofi og logikk.

ApologetiX går fint inn i denne tradisjonen, med den store vektinga av det bibelske.


Den siste plata deira ser slik ut:

Og inneheld seksten parodiar på songar frå 80-talet. Alle som har eit eller anna forhold til rock frå 80-talet kan altså finne nokre godbitar her... "Wise up", som betyr å lære, kan vel seiast å vere eit godt uttrykk for ApologetiX. Ved å høyre på songane deira kan ein nemleg få med seg ein god del lærdom. Og, som bildet viser, Bibelen er bak alt dei gjer.

Dette er songane eg likar best på plata. Dette er songar som eg kjenner til frå før, i originalversjonen, så det er artig å høyre ApologetiX si tolking. Og tekstane er noko meir solide enn dei opprinnelege!


- Judge (Parodi på songen "Jump" av Van Halen)
- The power above (Parodi på "The power of love" av Huey Lewis and the news)
- Monkey for uncles (Parodi på "Money for nothing" av Dire straits)
- Hosanna (Parodi på "Rosanna" av Toto)
- Dancing with the ark (Parodi på "Dancing in the dark" av Bruce Springsteen)
- Fishin' on a pier (Parodi på "Livin' ong a prayer" av Bon Jovi)

For slike som meg, som er opptekne av matematikk og naturfag, og underviser i både evolusjon og genetikk i ungdomsskulen, er det viktig å setje ting i riktig perspektiv. Det syns eg ApologetiX gjer i denne artige songen, "Monkeys for uncles".



I want my missing links ...

"Now look at them Dodos" – that's the way they view us

They claim that Christians are a dead species
Then they worship – macroevolution
Monkeys for uncles in your history
Now, that ain’t workin' – after we refute it
Then they tell you – that the Bible’s dumb
 

Maybe then your sister was a ring-tailed lemur
Maybe then a lizard was your mum
They've got to insult us to sway others
Because they're missin' the missin' links
They've got to lose the Originator
They've got to prove these other theories

That little maggot with the earwig and the stinkbug

They're buggies, but listen here
That little maggot could become an X-man
That little maggot needs a billion years
They've got to insult us to sway others
Because they’re missin’ the missin’ links
They've got to use their imaginations
They've got to prove these other theories

Sure they mean well ...

Huh?

They've got to insult us to sway others

Because they’re missin' the missin' links
Get God removed from the situation
They've got to prove these other theories

They should've learned they're playin' with fire

They could get burned, but they get numb
Look at that drama they got from trickin' us with Java Man
Ain't that guy handsome?
And what's up there? What's that?
Why's that annoy us?
There ain't no right and wrong -- we're like the chimpanzees
Oh, that ain't workin' -- macroevolution
Monkeys for uncles in your history

Oh, that ain’t workin' – that’s the way I view it

I beg to differ on your empty theory
That ain’t workin' – that’s no way to prove it
Get your monkeys for uncles in your history
Monkeys for uncles – history
Monkeys for uncles – missing links

I want my, I want my, I want my missing links

I want my, I want my, I want my missing links
 

Viss du likte denne, og ynskjer å høyre fleire songar av ApologetiX, ligg det flust av songar på Spotify. Høyr, le, lær og nyt!