lørdag 28. april 2012

Narniakrønikene - Bibelske sanningar som perler på ei snor

Eg har i eit tidlegare blogginnlegg ("Løva og heksa") skrive om eit par sentrale episodar i boka "Løva, heksa og klesskapet", og nemner bok nummer 1 i serien, "Drømmen om Narnia", der vi får vite korleis landet Narnia oppstår og korleis vondskapen (Heksa Jadis) kjem inn i bildet.

No har eg pløyd gjennom heile serien, og det er verkeleg både ein spennande serie og samtidig ei historie så spekka full av bibelsk symbolikk at mesteparten av den bibelske historia kan lesast inni  forteljinga, og dei aller viktigaste punkta i kristenlivet er tekne med.

I boka "Reisa til det ytterste hav" møter vi blant anna guten Eustace, som er ein noko sær, sur og lite samarbeidsvillig del av ein ekspedisjon mot ukjente øyer austover i Narnia. På ei av øyene kjem han over ein drakeskatt. Han legg seg til å sove medan han omfavnar skattane, og drøymer grådige draumar om rikdom. Då han vakna opp, var han forvandla til ein drake sjølv.

Denne  hendinga er med på å audmjuke han, og han endrar karakter frå surpomp til jovial. Likefullt er han fanga i drakehammen. I alle fall heilt til han møter den store løva, Aslan, personleg. Aslan tek han med opp på eit fjell på øya, og viser han vegen til ein vassdam. Der får han beskjed om at han må kle av seg og bade. Eustace tykkjer dette høyres rart ut, heilt til han kjem på at drakar er reptil, og kan skifte ham. Han kryp derfor ut av drakehammen, og badar i damen. Han merkar at han vert meir seg sjølv, men når han ser ned ser han at han fortsatt er ein drake. Han kler av seg ein gong til, badar og oppdagar at han fortsatt er drake endå ein gong. Dette gjentek seg fleire gonger. Til slutt vert han stoppa, og får beskjed om at skal han bli fri, må han la løva sjølv kle av han. Eustace går med på dette, og løva riv av han drakehamen. Dette er smertefullt, men når han kjem opp av vatnet denne gongen er han seg sjølv igjen.

Dette syns eg var ei utruleg vakker skildring av forholdet mellom "lov og evangelium". Vi kan aldri klare å frelse/rense oss sjølv. Uansett kor godt vi lever, kan vi ikkje forsone oss med den Heilag Gud. For at det skal skje, må Han sjølv ta bort synda vår. Det var dette Jesus gjorde for oss på korset. Han har no makt til å rense oss. Det svir, men vi kjem ut som forsona og frelste menneske. Alle vi som har latt Jesu blod rense oss, er blitt frie og blitt ikledde vår verkelege natur, slik Gud tenkte oss frå skapinga av!

I den neste boka i serien, Sølvstolen, møter vi Eustace att, og no har han fått fylgje med ei jente som heiter Jill og ein myrvrikkar ved namn Dysterpytt (For øvrig ein herleg pessimistisk, men fantastisk modig fyr! Det finst ikkje den situasjon han ikkje klarar å sjå mørkt på. Samtidig møter han farene med opne auger.)

Dei tre er på jakt etter prins Rilian, som har vore forsvunnen i ti lange år. Etterkvart kjem dei ned i Underverdenen, og der møter dei ein mann som er under påverknad av ei ond heks. Ho har kasta ei forbanning over han, og har planar om å erobre Oververda (Narnia) og gjere seg sjølv til dronning i landet. Denne mannen må kvar natt bindast til ein sølvstol, fordi, som han seier: I denne timen kjem ei forbanning kastande over han, og han kan risikere å øydeleggje alt og alle. Han får dei til å love at uansett kva han seier, må dei ikkje fri han frå stolen.

Anfallet kjem, og han tryglar dei om å befri seg. Til slutt ber han dei i løva Aslan sitt namn, og då løyser dei han. Det viser seg då at denne timen på natta er den einaste timen han verkeleg er seg sjølv. Han er den forsvunne Rilian, og har blitt lurt til å tru at det er farlig å forlate sølvstolen under denne nattlege timen. Den onde heksa har lurt han trill rundt, og fått han til å tru at ho hjelper han til å bekjempe forbanninga. No kan han øydeleggje stolen og vere fri!

Den Onde klarar ofte å lure oss, og mange menneske har særleg gått på den løgna at viss dei gir seg sjølv til Jesus og vert kristne, vil dei miste fridomen, livet vert kjedeleg og alle vil oppfatte ein som tåpeleg. Heldigvis er det mange som likevel gir livet sitt Jesus, berre for å oppdage at det er då dei vert verkeleg frie og seg sjølv! Det er berre Jesus som kan setje oss verkeleg fri.

I den siste boka, "Den siste striden", møter vi ein listig apekatt og eit lettlurt esel. Dei finn ein dag eit løveskinn, og apen syr ei løvedrakt til eselet. Med dette kostymet viser apekatten fram eselet, og innbyggjarane i Narnia lar seg lure. Dette er starten på undergangen for Narnia.

Snart har framande hærar erobra landet, og innbyggjarane lar seg herse med av frykt for den falske Aslan. Det er mange interessante mekanismar som kunne blitt omtalte, men eg bit meg særleg merke i reaksjonen hos ei gruppe dvergar som etterkvart får vite at den Aslan som har kua dei og satt dei til slavearbeid var ei falsk løve. Dei vert befridde av den verkelege kongen, men dei nektar å tru at det finst ei verkeleg løve som er god og heilt annleis enn esel-løva. Opplevinga med den falske løva har øydelagt tillitsforholdet til den verkelege herskaren, og no er dei svært skeptiske.

Dette er verkeleg ein tankevekkar. Eg tenker på alle dei menneska som har møtt kristne som oppfører seg ukristeleg og derme stengt for Jesus. Eg tenkjer på alle dei som har forkynt falskt om Jesus, og forvrengt sanninga. Falske prestar som sår meir tvil enn tru, og som legg lokk viktige sanningar og dermed gjer vegen til frelse svært vanskeleg for dei som går på limpinnen. (Eg las for eksempel ein svært interessant debatt i dag i Vårt Land, der Espen Ottosen, og seinare i debatten spesielt Egil Wold, set fingeren på utruleg viktige ting, og hovudbodskapen er bibeltruskap: Frelsesgaranti for alle?)

Heile boka "Den siste striden" er gjennomsyra av den bibelske bodskapen om livets to utgangar, øydelegginga av den  beståande verda og det evige livet i "den nye himmel og den nye jord". Her vert trådane trekte heilt frå den første boka, der skapinga står i fokus, via Aslan sitt offer på steinbordet då han ofra sitt eige blod og fram til enden på det heile.

Eg tenkte då eg las avslutninga av boka, at eg lurar på korleis Walt Disney Company hadde løyst den, skal eg seie overtydelege, forkynnande tonen i historia. Og eg tvilar vel i grunn på om filmselskapet hadde våga å gjere det så altfor mange prestar er for pysete/uopplyste/forvirra/forvilla til å gjere: forkynne alvoret i det valet ein står framfor; berre dei som trudde på Aslan kom inn gjennom porten til den nye verda før den gamle vart øydelagt, på same måte som bibelen forkynner at det er berre ein veg til himmelen.

Men akkurat det spørsmålet er hypotetisk, all den tid det ser ut som at nye Narnia-filmar er skrinlagte prosjekt. I grunn synd, men då er det i alle fall bra at vi har desse sju fantastiske bøkene til C.S. Lewis!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar