torsdag 26. januar 2012

Gud med sarkasme

Noko av det beste med Bibelen, er kor menneskeleg, personeleg og realistisk tekstane er. Gud tek oss menneske på alvor, og møter oss som dei vi er. Og personane vi møter i historiene, er prega av både positive og negative erfaringar. Ingenting vert glatta over eller bagatellisert. Den store kong David, som vi plutseleg møter i senga saman med ein annan manns kone. Og korleis han prøver å dekke over synda ved å gjere ei ny, nemleg drepe denne andre mannen. Alt er der, også oppgjeret med Gud i etterkant.

Den uredde apostelen Peter, som ein dag finn seg sjølv i ein borggård, der han bannar og sver på at han ikkje kjenner Jesus. Og tårene og angeren etterpå.

Apostelen Paulus, den store misjoæren, som begynte si karriere med å fengsle og drepe kristne. Gudsmannen Moses, som plutseleg tek æra for noko Gud gjer, og misser retten til å sjå det lova landet. Kain som drep bror sin. Adam og Eva som gjer opprør mot Gud, og mister alt det gode Han har gitt dei. Jona som rømer frå Guds plan. Jakob, som kjempar med Gud og nektar å gje seg. Lista er lang, og dei menneskelege personane vert skildra på godt og vondt.

Gud har omsorg for heile mennesket, og han bryr seg om oss alle dagar. Ikkje berre dei gode dagane når vi tek dei rette vala. I Bibelen vert vi tekne på alvor.


Forleden dag las eg i boka til profeten Jesaja, og møtte på ein tekst der Gud er heilt tydeleg indignert og oppgitt over kor dumme vi menneske av og til kan vere. Rett før tekstutdraget under, skildrar Gud ein mann som har planta eit tre, og treet har vakse seg stort. No har mannen hogd treet ned. Legg merke til den sarkastiske tonen i skildringa av kva mannen gjer med treet:

"Halvparten brenner han på elden. På denne halvparten legg han kjøtet han skal eta, han steikjer det og blir mett. Så vermer han seg og seier: "Å, no er eg varm og god, eg ser elden!" Resten lagar han ein gud av, eit gudebilete, som han bøyer seg for. Han kastar seg ned, bed til det og seier: "Berg meg, for du er min gud!"
   
  Dei forstår ikkje og skjønar ikkje. Auga deira er attklistra så dei ikkje kan sjå, hjartet òg, så dei ikkje kan skjøna. Han tek det ikkje inn over seg, han har ikkje kunnskap og forstand nok til å seia: "Halvparten brende eg opp, så baka eg brød over glørne. Eg steikjer kjøt og et det. Så lagar eg noko avskyeleg av resten, eg bøyer meg for ein trekubbe!"    (Jesaja 44, 16-19)


Det kan vel kallast heilag indignasjon, eller kva? Slik er vi menneske, vi ser ikkje alltid heilskapen i det vi gjer, og kor meiningslause mange av handlingane våre er. Gud ser det, og veit å setje fingeren på problemet.


Skulle ynskje eg mykje oftare kunne sjå livet mitt frå Guds perspektiv. Eg ville nok sett ganske mykje tåpeleg, samstundes som det kanskje hadde vore lettare å rette opp i det som er gale. Heldigvis hjelp det å lese i Bibelen. Den kastar lys over ganske mykje, og, viss vi tek oss tek oss tid til å studere den, vil kunne korrigere og gje eit sannare bilde av korleis det er å vere menneske, og korleis vi bør leve som Guds born.

På den måten er Bibelen ei unik bok!