tirsdag 30. august 2011

Å samle skattar

Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera. (Matt 6, 19-21)


Kva er det viktigaste i livet ditt?

Kva er dine skattar?

Kor er ditt hjarte?

Samlar du skattar på den riktige plassen?

Du veit at alt det du samlar av ting og tang på jorda, er tapt den dagen du ikkje er her lenger? Og at alt det du samlar, ein gang vil gå til grunne og bli til mold og støv att? Og at om 200 år er det svært lite sannsynleg at nokon i det heile hugsar kven du var, eller kva du gjorde?

Og at dei skattane du samlar i himmelen, varer evig? Dessutan finst det ein som aldri gløymer deg!

fredag 26. august 2011

Love divine

Charles Wesley, den engelske presten frå 1700-talet, skreiv ganske mange fine songar. Faktisk publiserte han over 6000 songar! Ganske imponerande. Av dei mest kjende og populære songane er desse:
Ein del av desse songane er å finne på den ganske nye plata "Love divine: The songs of Charles Wesley for today's generation" (Dei songane som er merka med *)


Mange kjende artistar har gitt sine bidrag til plata, og det har blitt ei vakker samling songar. Min klare favoritt, per i dag, er "Christ the Lord is risen today", framført av Aaron Keyes.

Eg fann dessverre ingen songar frå plata på youtube (men det går an å lytte til smakebitar på amazon), så då får vi heller nyte julesongen (Nei, det finst ingen upassande tidspunkt å synge julesongar! Som kristne feirar vi vel i grunn jul heile året?) "Hark! The herold angels sing". Ein nydeleg song, framført av ingen mindre enn Rebecca St. James:



Ein del av songane hans er forresten oversett til norsk. Sidan Wesley var metodist, er det naturleg nok flest av songane hans i metodistane si songbok. Men også i den meir bedehusnære songboka med det treffande namnet "Sangboka" (!) finn vi nokre av songane:

"Kjærlighet foruten like" (nr. 29)
"O Jesus Krist, jeg flyr til deg" (nr. 47)
"Å, gjev med tusen tungers røyst" (nr. 132)
"Dyp av nåde" (nr. 423)
"Jesus, du som har meg kjær" (nr. 447)
"Høyr, Guds englar kved i kor" (nr. 636)

For dei av oss som er glade i gamle, solide songtekstar i nyare musikalsk drakt, er plata "Love divine" ei super plate! Herved anbefalt.

onsdag 24. august 2011

Grave robber - Petra

Dette er ein fantastisk fin song, som handlar om det å dø, og om det håpet vi har som høyrer Jesus til. Eg var på eit kurs nyleg, der kurshaldaren snakke om psykisk helse og det å ha det bra med seg sjølv. Han meinte at det å gå rundt og tenke på livet etter døden berre ville øydelegge livskvaliteten. Ein måtte leve livet her på jorda, og ha fokuset her. Og akkurat det er eg heilt einig i. Mesteparten av fokuset vårt skal rettast mot livet her og no, og på det å vere vitner for Jesus og hjelpe våre medmennesker til å få eit betre liv. Men det å ha eit himmelfokus i tillegg, det å ha eit håp for æva og ein trøystar som kan ta vekk all frykt for døden, det er på ingen måte hemmande for livsgleda. I alle fall ikkje for meg, snarare tvert om! Eg veit at Gud har eit betreliv i vente for meg ein gong, eg fryktar ikkje døden. Ein gong skal døden ikkje finnast meir! For slike som meg, som ikkje har noko til overs for døden (understatement), så er dette fokuset med på å FREMME livskvaliteten. Lytt til songen, les teksten, og takk Jesus for himmelhåpet!

Grave robber

There's a step that we all have to take alone
An appointment we have with the great unknown
Like a vapor this life is just waiting to pass
Like the flowers that fade like the withering grass
But life seems so long and death so complete
And the grave an impossible portion to cheat
But there's One who has been there and still lived to tell
There is One who has been through both heaven and hell

And the Grave will come up empty handed that day
Jesus will come and steal us away

Where is the sting tell me where is the bite
When the grave robber comes like a thief in the night
Where is the victory where is the prize
When the grave robber comes
And death finally dies

Many still mourn and many still weep
For those that they love who have fallen asleep
But we have this hope though our hearts may still ache
Just one shout from above and they all will awake
(And) in the reunion of joy we will see
Death will be swallowed in sweet victory

When the last enemy is gone from the dust will come a song
Those asleep will be awakened - not a one will be forsakened
He shall wipe away our tears - He will steal away our fears
There will be no sad tomorrow - there will be no pain or sorrow


mandag 22. august 2011

Ordfrø

Ut av munnen, med stor presisjon
Fyk ferdige kapslar av ord
Dei er som små frø
fylte med meining
og kraft
og banar seg veg fram mot målet
Dei treff det og plantar seg djupt nedi jorda.

Somme er fylte
med kjærleikens varme,
andre spreier kulde og hat
Nokre gir glede og latter og song
og nokre gir róte og sorg.

Pass på dine kapslar, pass på
dine ord
Dei fleste når fram til sitt mål

søndag 21. august 2011

Om å gje hjartet til Jesus

"Å gje hjartet sitt til Jesus" er eit ganske vanleg uttrykk, men det kan vere vanskeleg å forstå. Kva ligg eigentleg i det å gje vekk hjartet sitt? I kveld, medan eg las for Jens, kom eg over ei svært god forklaring på kva det tyder. Her er eit lite utdrag frå boka "Gud og jeg er venner" av Kari Vinje:

"-Hjertet arbeider hele dagen og hele natta så lenge vi lever, fortsatte mamma. - Det pumper blod rundt i kroppen vår, og blodet har med seg mange fine ting som kroppen trenger for å leve. Hjertet sender blod til hjernen som tenker og føttene som løper, til munnen som snakker og hendene som arbeider, til øynene og ørene og huden og magesekken og alt det som hører kroppen vår til. Hvis hjertet sluttet å arbeide, kunne ikke hjernen vår tenke lenger. Munnen kunne ikke snakke, og føttene kunne ikke løpe. Ja, vi kunne ikke puste engang, og da kunne vi ikke leve heller. Så verdifullt er hjertet vårt. Hjertet har med hele kroppen å gjøre. Derfor er det slik at når du gir Jesus hjertet ditt, da gir du ham hele deg. Du gir ham hendene og føttene og munnen og tankene, slik at han får lov å bestemme over alt sammen. - Å! sa Julie. - Og når du sier til Jesus: "Jesus, her er jeg! Nå får du hjertet mitt, og hele meg. Vær så god!" da tar han imot deg, og da er du hans."

Dette tykte eg var veldig treffande! Enkelt forklart, på ein måte som barn kan forstå. Og eg... I tillegg trur eg at det finst fleire forklaringar på dette uttrykket. Sjå for eksempel på dette sitatet frå Jesus:

"For innanfrå, frå menneskehjartet, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord, ekteskapsbrot, eigesjuke, vondskap, svik, utukt, misunnelege auge, spott, hovmod, vitlaus ferd. All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint." (Mark 7, 21-23)

Sidan det er frå hjartet vårt alle dei vonde tankane kjem (og her trur eg hjartet er eit symbol på det indre mennesket, sjølvet, vårt bevisste eg), er dette kanskje den viktigaste delen av oss å gje til Jesus. Det er her vi har mest behov for omforming og nyskaping. Får Jesus styre hjartet/tankane våre, får han styre heile oss. Då kan det verkelege livet begynne!

Isop

Isopen vert dyppa i blod
og så over karmen
Etter den ligg ei blodraud stripe
Ei stripe med soning og frelse
Isopen dryp av blod
den har utført si gjerning

Isopen vert retta mot mannen
han smakar på vinen
men vil ikkje ha
Isopen vert kasta vekk
og trakka på
Men langs kvistane
renn ei stripe med blod
Ei stripe med soning og frelse
Mannen har utført si gjerning


(2. Mos 12, 22 og Joh 19, 29)

lørdag 20. august 2011

Om Guds nåde og det å tilgje

I dag har eg lyst å skrive noko om nåde og tilgjeving, men merkar at det er ein fare for at det kan bli litt rotete. Har nemleg litt mange ulike tankar og aspekt i hovudet nett no.

Grunnen til dette er to avisartiklar eg las i ettermiddag, i avisa Dagen sitt magasin "Velsignet helg". Først var det eit intervju med artisten Ole Paus. Overskrifta var "Bare tilgivelse kan drepe ondskapen". Så langt hang eg med, men eg datt litt av då han sa at vi som er kristne har ei stor oppgåve i å tilgje Anders Behring Breivik. Noko i meg reiste bust, samtidig som eg visste han hadde rett.

Grunnen til at eg reagerte med det same, er todelt. For det første er det generelt vanskeleg for oss menneske å tilgje. Ja, vi kan møte ein udåd med kjærleik og samhald, men tilgje den som gjorde ugjerninga? Mange vil nok seie at det er for vanskeleg, ja nesten umogeleg. Og mange vil nok seie at dei ikkje vil tilgje. Også hos meg var dette ein tidleg tanke.

For det andre forventar vi ofte ei unnskyldning, eit snev av anger, før vi vurderar å tilgje. Hadde Breivik sitte og grått og sagt at han aldri skulle ha gjort det han gjorde, hadde det vore hakket lettare å vurdere å tilgje.

Samtidig som det stritta i mot i meg, visste eg altså at det han sa var rett. Tilgjeving er den einaste måten å bekjempe ondskapen på. Det var med tilgjeving og nåde at Jesus vann over djevelen og alt det onde, då han døydde og stod opp att. Hans død og oppstode genererar nemleg ein uendeleg straum av nåde over oss menneske. Ei elv som aldri stoppar, men som skyl over oss kvar einaste dag. Og har vi spurt om dette? Var det vi som ba Jesus dø på korset? Var det vi som trygla om nåde? Nei, det var nok ikkje det. Visst var det vi menneske som spikra han opp på korset, men det var Gud som hadde regien. Det var Gud som bestemte seg for å dø for oss. Medan vi endå var syndarar! Han kom, ubedt, og gav oss så utruleg mykje meir enn vi nokon gong kunne funne på å be om.

Som kristne bør vi følgje Jesu eksempel. Bør? Nei, vi har eit oppdrag, eit heilagt kall: Å leve liv som ærar Jesus, og viser verda hans nåde og tilgjeving. Dermed skal vi også følgje hans programerklæring: Tilgje alle, uansett. Til og med om dei ikkje angrar eller ber om nåde. Tilgjevinga er for alle, og vi har som kristne fått den gratis. Vi har betalt null og niks for den. Difor skal vi også gje den vidare gratis.

Før eg starta skrive dette innlegget, leita eg litt på google for å finne nokre passande illustrasjonsbilder. Då kom eg blant anna over bildet til venstre. Jesus som løftar ein mann opp frå søla. Mannen verkar knust og utslått. Svak. Og Jesus held han fast i armane sine. Fast, og samtidig kjærleg. Han held han som om det er sin eigen son han løftar opp og støttar.

Dette er eit godt bilde på nåden, tenkte eg. Gud som løftar oss opp og held oss i armane sine.

Så såg eg litt nøyare på bildet, og fekk auge på det mannen held i hendene sine: ein hammar og ein nagl. Litt pussig, eigentleg. Ikkje hammaren og naglen, altså, for det symbolet er tydeleg: Denne mannen har vore med og spikra Jesus til krossen. Det som er pussig, er kleda. Dongeribukse og t-skjorte. Moderne klede. Men, tenkte eg, dei som krossfesta Jesus var då soldatar. Burde han ikkje ha uniform og meir tidsriktige klede?

Nei, han burde ikkje det. Han går med dei heilt korrekte kleda. Også vi som lever i dag var med og spikra Jesus fast til krossen. Det var våre synder og feilsteg som var årsaken til at Jesus døydde, så på ein måte kan eg seie at eg også har ein hammar og ein nagl i handa mi.

Jesus held den skuldige og svake mannen oppe. Trass i kva han har gjort. Jesus tilgir alltid trass i alt. Vi har ingenting å betale han tilbake med, vi kan berre ta i mot. Gratis.

Så er det vel slik vi også bør gjere? Ja.

Akkurat no kjennes det veldig vanskeleg å tilgje Breivik for det han gjorde, men eg veit at Ole Paus har rett. Vi må tilgje.

Morten Eikli sa i ein annan artikkel i den same avisa: "... Guds nåde er ikke noe lenger unna Anders Behring Breivik enn den er for deg og meg." Og eg veit det er sant. Elva av nåde som strøymer frå krossen, er stor nok til også å omfavne Breivik. Alt han må gjere er å ta imot.

I jakta på illustrasjonsfoto fann eg også bildet til høgre. Dokumentarfilmen om Julius Paltiel: "Tilgi - men aldri glemme".

Slik er det for oss menneske. Vi kan tilgje, men det er utruleg vanskeleg å gløyme. Og kanskje skal vi ikkje gløyme heller. For eksempel bør vi alltid hugse det som skjedde i Europa på 30- og 40-talet, og dei konsekvensane det fekk. Slik at det aldri skjer igjen. Kanskje skal vi på same måten måtte hugse det som skjedde i Oslo og på Utøya, slik at vi kan gjer alt som står i vår makt å forhindre at det skjer igjen.

Vi må tilgje. Same kor vanskeleg det er. Og så håpar eg, inderleg, at Breivik kan få innsikt i kva han eigentleg har gjort, begynne å angre og be om tilgjeving. Også han treng Guds nåde, og eg håpar han kan ta i mot denne. Same kva eit menneske har gjort, er Guds nåde stor nok.

I mellomtida må vi andre prøve så godt vi kan å tilgje, slik at vi ikkje lar ondskapen få overtaket i oss. Slik at vi ikkje vert øydelagte av bitre og vonde tankar. (For akkurat dette temaet vil eg gjerne anbefale denne bloggposten: Kraften i tilgivelsen, skrive av Victoria Vik)

Og så er eg så uendeleg uendeleg glad for at Gud ikkje er som oss; Han tilgir og ... GLØYMER!

fredag 19. august 2011

Paulus - ein religiøs terrorist

For tida fordjupar eg meg i livet til apostelen Paulus. Han er ein svært spennande person, og hadde ei stor oppgåve i oppbygginga av den kristne kyrkja. Når eg tenkjer på Paulus, tenkjer eg på apologeten og læraren, den stødige kristne, som ikkje frykta noko eller nokon, og aller minst frykta han å miste livet for trua. Han var ein bauta, ein mann med autoritet. Ein som elska Jesus og gav heile livet sitt til han.

Likevel er dette berre halve bildet, for Paulus hadde i fortid som han ikkje var særleg stolt av. Han hadde i god utdanning, kom frå ein vel ansett familie, vart rekna som ein lærd mann og hadde mykje makt. Han hadde visst mykje han kunne vere stolt av. Likevel rekna han alt for tap (Fil 3,7). Han fann noko som var endå betre: Nåden og frigjeringa i Kristus.

Det er litt interessant å sjå på det livet Paulus levde før han vart etterfølgjar av Jesus. Slik vert han skildra av Charles Swindoll i boka "Paulus - en mann preget av nåde og pågangsmot" frå 2002: "... helt til Kristi nåde la beslag på ham, bekjempet han med vold alt og alle som hadde med Veien å gjøre. Og legg merke til dette: Han gjorde det i Guds navn. Derfor er det ikke noe mer skremmende, mer ondskapsfullt enn en religiøs terrorist. Hva de gjør, rettferdiggjør de i Guds navn. Saulus var ikke noe unntak i dette. Mannen som var ulastelig etter loven, ifølge hva han selv sa, trodde blindt på at hans blodige gjerninger tjente Gud..."

Paulus, ein religiøs terrorist! Den tanken skal eg innrømme at eg aldri har tenkt før, men den passar jo utmerka. Han bygde livet sitt på Guds lov, og samstundes fengsla og drepte han menneske som trudde annleis enn han sjølv. Høyres det kjent ut? Jepp jepp.

Heldigvis snudde han om, vart omvendt. I 1 Kor. 3,11 skriv Paulus: "Ingen kan leggja ein annan grunnvol enn den som alt er lagd, Jesus Kristus". For ei forandring! Terroristen er vekke, i staden står det ein åndsfylt og brennande Jesustilhengjar tilbake, som ofra livet sitt for å kunne spreie evangeliet utover til andre menneske. Han bygde livet sitt på Jesus Kristus, og då kan ein ikkje drepe eller terrorisere. (Akkurat dette med Jesus som grunnvoll kan du høyre meir om i kyrkja på søndag, det er nemleg preiketekst denne helga!)

Eg vil anbefale alle å lese om Paulus, han er eit glitrande eksempel for oss syndarar som ynskjer å leve livet med Jesus Kristus som grunnvoll. Og eg kan jo då anbefale førnemnde bok av Charles Swindoll, sidan han skriv lett og "folkeleg", aktualiserar bibelversa og veit å få fram dei gode poenga i teksten.

torsdag 18. august 2011

Og Herren Gud skapte mannen av mold...

Solsikker er utruleg vakre blomar. Eg hugsar endå dei enorme solsikkeåkrane i Austerrike, den gongen eg køyrde tog til Wien. Det er eit imponerande syn.


På altanen vår står det no ei potte med ei høg solsikke i. Vi har vatna den, gjødsla den og prøvd å stelle med den på beste vis. Vi vil den skal bli høg, så høg som mogeleg. Den er kanskje ikkje så imponerande å sjå på endå, der den står utan blome og heilt einsam. Men vi gler oss til kronblada sprett ut, og den openberrar seg i all sin prakt!

Eg stod og såg på den her i stad, den litt tjukke og lange stilken, dei store blada og tenkte på blomen som ein dag kjem til å sprette fram. Då slo det meg: Denne blomen har vakse opp av molda her, den er sett saman av atom og molekyl frå den jorda vi ein gong før sommaren putta frøet i. Vi har vatna og gjødsla litt, men elles har det heile skjedd av seg sjølv. Tilsynelatande.

Med litt kjennskap til fysikk og bl.a. Newton sine lover, veit eg at det er svært lite i naturen som skjer "av seg sjølv". Alt har ein årsak. Energien kjem frå noko, og vert overført til nye former. Atoma er konstante, men inngår i stadig nye molekyl, og dannar stadig nye organ og organismar. Skal noko flytte på seg, treng det ei kraft for å akselerere og bremse opp. Ein må dytte eller trekke. Utan at eit eller anna set aktiviteten i gang, skjer det ingenting (Og det er jo her teorien om Big Bang mistar fotfestet). Så altså, solsikka på altanen, som no er høg og fin, har ikkje vakse fram av seg sjølv. Der er ei kraft bak. Det er ei spireevne lagt ned i frøet, ei kraft som får det heile til å vekse og utvikle seg.


Eg trur denne krafta er lagt der av Gud sjølv, Gud som skapte verda og sette alt i system og la ned lover og reglar for alt som skjer i naturen. Gud skaper ting av molda i dag også, i det han lar blomar og tre vekse fram, dyr vekse og utvikle seg på grunn av næringa frå plantane, og menneske som også lever av det som veks på marka. Gud skapte dei første menneska av molda på marka, og sanneleg er det vel ikkje det som skjer den dag i dag. Av molda kjem vi, for vi et det som veks opp av marka og som Gud formar av atoma i bakken.

Og etter at livskrafta går ut av mennesket, ligg berre "skalet att". Kroppen, som i kanskje 70-80-90 år har husa eit levande og jordlaga menneske, ligg tomt tilbake. Kva er det som manglar? Jo, det er sjølve "livspusten", den som Gud pusta inn i dei første menneska, og som han pustar inn i kvart einaste nylaga menneske også i vår tid. Når eit menneske dør, trekk Gud denne livspusten tilbake, og kroppen går tilbake til jorda. Den løyser seg opp og vert til mold att.

Og etter det, etter at eg dør? Er alt over? Langt i frå! Det har berre så vidt begynt. Den udøyelege sjela mi går til Gud. Frelst av Jesu blod, inn i Himmelen, og vert ikledd ein ny og udøyeleg lekam. Der held det verkelege livet fram, det som begynte då Gud frelste meg og tilga meg all mi skuld.

Alt ein kan tenkje på ved å sjå på ei solsikke...

onsdag 17. august 2011

Grunnar til å ikkje stemme FrP

Ok, vi er midt inne i ein valkamp, og eg tillet meg å vere litt meir politisk enn eg plar vere. Eg står verken på liste eller er aktivt med elles, men som borgar med stemmerett, og som absolutt har tenkt å bruke den, har eg heldigvis lov til å hive meg ut i debatten. Eg elskar demokrati!

I dag vil eg gje nokre grunnar til å ikkje stemme på FrP. Dette er jo ei noko negativ vinkling, det beste er jo helst å seie kva ein ynskjer at andre skal stemme på. Og det er kanskje heller ikkje så bra å sparke nokon som allereie ligg nede, men all den tid dei frivillig legg seg ned sjølv... så...
Les for eksempel desse sakene frå Vårt Land:

- Seks av ti FrP-veljarar meinar Hagen har rett (i at dei fleste terroristar er muslimar)
- FrP-topp ville behandle muslimer psykiatrisk og forby islam. (I all rettferds namn vil eg her nemne at dette var i 2004, og at vedkommande beklagar dette i dag)
- FrP-topp meinte regjeringa sin innvandringspolitikk var årsaka til angrepa (i oslo og på Utøya)

Viss ikkje dette er å leggje seg ned og seie "spark meg", så veit ikkje eg. Heller ikkje leiinga i partiet si handtering av beskyldningane mot partiet etter terrorangrepet var ein innertiar. Mange litt dumme og lite gjennomtenkte kommentarar.

Difor er her mi liste over kvifor EG ikkje stemmer Frp:

- Haldninga til innvandrarar.

- Ynskjet om billigare bensin (akkurat som om bensinen er dyr her i landet)

- Ynskjet om billigare mat (akkurat som om vi har dyr mat)

- Ynskjet om mindre bompengar (Det er berre rett og rimeleg å vere med å betale for gode vegar. Dei er eit fellesgode, og dei som brukar dei kan godt betale. Og ja, eg køyrer bil sjølv, og ja, eg betalar bompengar, om ikkje akkurat med glede, så i alle fall med roleg aksept av ordninga)

- Ynskjet om skattelette (Skattesystemet er det som held oppe velferdsstaten, og gjer at alle får behandling på sjukehus, kan gå på skule og får hjelp av politiet. Vi treng ikkje mindre skatt)

- Ynskjet om å redusere tilskota til kunst og kultur. Kunst er svært viktig. Kultur også.

Vel, lista kunne sikkert vore lenger, for det er svært sjeldan eg opplever at eg er einig med dei. Likevel vil eg seie at eg syns det er veldig bra at vi har FrP i politikken. Alle skal få delta og vere med og forme landet, også dei som har meiningar i denne retninga. Eg ynskjer berre at dei ikkje skal få så mange stemmer...

Neste gong eg tek opp noko politisk, skal det vere positivt vinkla. Eg lovar!

tirsdag 16. august 2011

Teiknsetjing og matematikk

Eg er av og til inne på ein blogg, kanskje om lag ein gong i veka (og det er ikkje så unaturleg, sidan den vert oppdatert ein gong i veka...) som heiter PostSecret. Her sender folk inn postkort med sine eigne personlege løyndomar på, og det er utruleg mange både djupe, overfladiske, triste, glade, morsomme og dumme løyndomar som vert sendt inn. Det er god mentalhygiene å lese desse postkorta, for ein kjem nært inn på andre menneske sine kjensler. Eg kjenner eg ofte blir glad av å lese (ja, ikkje alltid då, nokon kort er berre triste og vonde å lese), og ofte er det svært kreative måtar å fortelje om løyndomane på.

For nokre dagar sidan kom eg over dette kortet på bloggen si facebookside:

Kortet er skrive ved hjelp av ulike teikn, som utropsteikn, komma, punktum og så vidare. Det tok litt tid å knekke den, eg må innrømme det, for eg såg ikkje heilt mønsteret med det same. Dessutan er ikkje engelsk språk mi sterkaste side. Men når løyndomen først vart avslørt, sat eg og smilte for meg sjølv. Kortet er rett og slett genialt (Etter mi meining), og appellerar både til norsklæraren og matematikklæraren i meg.

Klarar du å løyse koden?

mandag 15. august 2011

Spiren

Sov vesle spire
Eg vatnar deg
- audmjukt
Eg ynskjer å verne deg
halde deg
trøyste deg
Håpar at du vert her
hos meg - alltid

Gro vesle spire
Veks ut av min famn
Snart dansar du stille
og sakte frå meg
Eg veit at dagen vil komme - snart
då eg ikkje lenger
kan verne om deg

Dans vesle spire
Le glad i mot livet
Vit at eg er der
og ventar på deg
med kjærleik og håp:
Du kan komme til meg - alltid


(Eit dikt eg skreiv like etter femårsdagen til son min, i ein augneblink av tidserkjenning...)

Einig med Willoch, for ein gongs skuld...

Det er ikkje så ofte eg er einig i Kåre Willoch sine politiske standpunkt og vurderingar, men no har det altså skjedd! Vårt Land tek opp problematikken rundt foreldrepengar ved fødsel, og påpeikar at dei som har dårleg råd får mykje mindre foreldrepengar enn dei som allereie er rike. (Artikkel: Fattige ledes til abort) Dette fører til at det er færre med dårleg råd som føder barn, dei ventar heller til dei har stabil og god inntekt. Dermed føder kvinner barn seinare (gjennomsnittet er, i følgje artikkelen, 30,3 år) Mange ynskjer å få born rett etter endt studiar, men finn ikkje råd til dette. Politikken strir altså mot biologien, sidan kvinner føder born så seint.

I andre rekke fører denne politikken til at talet på abortar er mykje større i denne gruppa enn blant kvinner elles. Ved graviditet vurderar ein om ein har råd, og har ein ikkje det, er det klart at ein føler at ein ikkje har noko særleg val. Denne ordninga er altså ikkje berre urettferdig, den er også livsfarlig for dei ufødte borna.

Artikkelen påpeikar det absurde i at ei yrkesaktiv kvinne kan få nesten 500 000 kroner utbetalt i løpet av permisjonsåret, medan ei nyutdanna kvinne utan arbeid får utbetalt 35 263 kroner i ein eingongsstønad. Det er så stor forskjell, at ein skulle ikkje tru det var mogleg! Også barnetrygdordninga favoriserar dei rike, sidan den er like stor for alle born, og ikkje er høgare enn 970 kroner. Dei rike klarar seg godt med dette, men dei som har låg inntekt kan umogleg få endane til å møtes med 1000 kroner i månaden.

Skal det bli rettferdig, treng vi ein revisjon av alle støtteordningane for fødande. Det skal ikkje vere slik at det er så utruleg stor ulikskap på kva støtte ein får frå staten. Utgangspunktet kan vere forskjellig, nokon er rike, nokon er fattige. Nokon har arbeid, andre har ikkje. Slik er det, det må vi berre sjå i augene. Men kvifor skal staten vere med og halde oppe denne ulikskapen? For ein gongs skuld er eg altså einig med Kåre Willoch, som meinar denne ulikskapen må utjamnast (Og her er det Willoch som er inne på min banehalvdel, ikkje omvendt. Det er litt merkeleg at det er ein på den politiske høgresida som ynskjer utjamning...)

Det er utruleg dumt at mange kvinner ser på abort som den einaste utvegen. Særleg når abort skulle vore aller aller siste utveg, og berre brukt i nødsfall. Det er noko heilt feil her.

søndag 14. august 2011

Kvifor ekte kristendom aldri kan vere halvvegs

Dagens bibeltekst, Matt 7, 15-20, er alvorlege saker. Det handlar om profetar, folk som kjem med bodskap frå Gud til sine medmenneske. Og det handlar om det dei seier, om det er rett eller feil, og korleis ein kan finne ut om det dei seier er rett. Korleis finn ein dette ut? Jesus kjem med eit bilde. Han samanliknar profetane med eit frukttre. Viss treet er godt, ber det god frukt. Viss treet er dårleg, ber det dårleg frukt. Eit godt tre ber ikkje dårleg frukt, eller omvendt. Dermed kan ein "teste" dei som forkynner ved å studere "frukta". Kva er så denne frukta? Eg tenkjer, og her er det sikkert mange teologar som vil protestere, eller i alle fall kome med ei anna og betre tolking, at frukta er dei orda dei seier. Er orda i samsvar med Guds vilje, vil det seie at frukta er god. Forkynner dei falskt, er det dårleg frukt. Dermed kan ein avgjere om profetane kjem med bodskap frå Gud eller ikkje, ved å sjekke om det dei seier er i samsvar med Guds ord. Alt som vert forkynt, skal stemme overeins med Jesu ord og dei orda Gud har gitt til profetane, poetane og apostlane i Bibelen. Stemmer det ikkje overeins, er det falsk forkynning ein lytter til.

Ein forkynnar, det vere seg prest, emissær, misjonær, ungdomsleiar eller kven som helst andre som fortel og tolkar Guds ord til andre, må altså streve etter å tale i samsvar med Bibelen. Å putte delar av det som er politisk korrekt, litt av slik ein sjølv syns det burde vere og litt av det ein trur folk har lyst til å høyre inn i forkynninga, vert feil. Då kludrar
ein det til, og forkynner det Paulus kallar eit falskt evangelium i Gal 1, 6-9, som er den andre preiketeksten i dag:

Det undrar meg at de så raskt vender dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og til eit anna evangelium. Men det finst ikkje noko anna; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi forkynte dykk, forbanna vere han! Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, forbanna vere han!

Det er altså alvorlege ting det handlar om, Paulus er ikkje nådig mot den som forkynner falskt. Det er heller ikkje Jesus. (Les for eksempel Mark 9, 42, om det å føre andre til fall)

Ein som forkynner, må difor gjere alt han kan for å tale så sant og riktig han kan, og tale i samsvar med Bibelen. Kristendomen er altfor viktig til å bli skalta og valta med, etter eige forgodtbefinnande. Å ta vekk det som ikkje passar, eller legge til ting som ein helst hadde sett var der, går ikkje i hop med ekte kristendom. Og det å forkynne berre halvparten, slik at tilhøyrarene får ei kvasi-tru, med litt sant og litt falskt, er livsfarlig. Ein må gje folk valet om anten eller. Enten fullt og heilt, eller ingenting. Midt i mellom går ikkje, det er umogeleg.

"Viss kristendomen er falsk, har den ingen ting å seie. Viss den er sann, er den uendeleg viktig. Kristendomen kan ikkje vere passe viktig." (C.S. Lewis, mi oversetjing)

Er det nokon som vil seie at eit halvrote eple er god frukt?

lørdag 13. august 2011

Relativismens mjuke lenestol

Kor mykje enklare alt hadde vore viss alt verkeleg var relativt! Viss det var opp til meg sjølv å avgjere kva som er rett og kva som er feil - for meg. Det hadde vore ein mykje enklare kvardag, fordi eg slapp å tenkje på andre meiningar enn mine eigne. Eg slapp å ta omsyn til kva andre meinte om eitt og hitt, for det dei meinar, får dei berre meine. Eg meinar det eg meinar, trur det eg sjølv vel å tru og slik får alle det som dei vil. Eller som dei seier det på Reverendfun:

Sjølvkonstruert tru, sjølvkonstruert liv. Ein mjuk lenestol å sitje i og sjå på verda. Alle ville hatt det heilt topp på kvar sin vesle flekk av jorda.

Eller? Kva då når mine interesser plutseleg kryssar andre sine interesser? Kva når mine meiningar gjer at andre føler seg trakka på og sett ned på? Kva når mine handlingar trakkar på andre sitt menneskeverd, trakkar på andre sine verdiar, trakkar på det andre meinar er bra?

Og kva viss det eg trur, fører til at verda blir ein mykje verre plass for andre. Og kva med lover, reglar og normer? Kan ein i det heile ha slikt viss alle fulgte sine eigne tankar?

Eg trur på det motsette av relativisme. Eg trur det finst EI allmenn sanning. Eg trur det som står i Joh 14, 6, det Jesus seier om seg sjølv: "Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg." Eg trur på ein allmektig Gud, som er over alt og alle. I mi kristustru er det ikkje plass til relativisme. Berre EI sanning; Jesus.

torsdag 11. august 2011

Bølgjene

Bølgjene viskar ut spora etter deg og meg

Slår innover sanden

og tek med seg alt som var

ut i djupet

Men før neste bølgje kjem

har nye føter laga nye spor

som så vert tekne med

Slik vil det vere

heilt til all sanden er borte.



Innvandring = islamisering?

Direktør for Holocaust-senteret, Odd-Bjørn Fure, har hamna på ei liste over personar som er "for innvandring og islamisering" (VL-artikkel) For det første er det eit eller anna som skurrar veldig i hovudet mitt, når eg høyrer om slike lister over politiske motstandarar. Det får fram assosiasjonar til statar og regimer eg helst vil sleppe å ha noko med å gjere. For det andre, bemerkar Fure sjølv, er det misvisande å setje han på denne lista, sidan han slett ikkje er for islamisering.

Og det er nettopp denne linken mellom innvandring og islamisering eg reagerar aller mest på. Er det gitt at alle som er for innvandring, også er for islamisering av det norske samfunnet? Sjølv er eg i kategori med folk som er for at vi skal ta imot menneske som er i naud og gje dei ein trygg plass og bu, samstundes som eg slett ikkje ynskjer noko islamisering av landet vårt. Muslimar som kjem, skal for all del få lov til å praktisere sin religion, ha sine gudshus og treffast i fellesskap, utan at det automatisk fører til noko islamisering av samfunnet. Religionsfridomen skal gjelde også i Noreg. Det er i alle fall hyklerisk å kritisere andre statar for å ikkje ha religionsfridom, viss ein samstundes ynskjer å undertrykke muslimars rett til religionsutøving.

Eg trur dessutan, ganske bestemt, at svært mange av dei muslimane som kjem hit til landet heller ikkje ynskjer noko islamisering. Dei ynskjer fridom, ja. Dei ynskjer å kunne utøve religionen sin, ja. Men er det same som at dei ynskjer ein muslimsk stat? Har ikkje mange av dei nettopp flykta FRÅ ein muslimsk stat som undertrykkjer dei? Eg tvilar i alle fall sterkt på at mine vener frå Somalia ynskjer liknande forhold i Noreg. Då er jo heile poenget med å flykte borte vekk!


Mange islamske verdiar passar ikkje inn i det norske samfunnet, og eg trur heller ikkje at dei vil få innpass. Men muslimar bør få innpass, og dei må respekterast som likeverdige menneske på ein klode der vi har ansvar for kvarandre sitt ve og vel.

Makta i det å ikkje hemne seg

"Det er menneskeleg å feile, og guddommeleg å tilgje," heiter det i ordtaket. Det å tilgje og unngå hemn, er kanskje ikkje den mest naturlege tanken for oss menneske. Når det blir gjort urett mot oss, vil vi gjerne at rettferda skal råde og det vonde bli hemna. Like fullt er dette ein farleg veg å gå, og med fornufta vår veit vi det. Dei fleste kan tenke seg til korleis det blir i eit samfunn der vald og hemn får styre, og auge må bøte for auge, heilt til ingen lenger kan sjå.

Men så er det det å ikkje la kjenslene ta overhand, og dra ein med seg ut på noko ein i etterpåklokskapens namn ikkje burde gjort.

Eit godt eksempel for oss alle, er den britiske pappaen Tariq Jahan, som mista sonen sin tidlegare i veka. Sonen vart køyrt ned av mobben i Birmingham, som var ute for å plyndre og øydeleggje. (VL-artikkel: Fant sønnen død på gata) Jahan sa dette i etterkant av tragedia: "'Eg mista sonen min. Rekk opp handa viss du ynskjer å miste dine søner. Viss ikkje, ro deg ned og gå heim." (VL-artikkel: Kostebrigaden rykker inn) For ein styrke hos ein far i sorg! Det er umogleg å vite korleis ein sjølv ville reagert i ein liknande situasjon, men denne faren viser oss i alle fall makta i det å ikkje hemne seg. Så utruleg mykje større styrke han viser, enn dei hundrevis av kriminelle bråkmakarar som har herja rundt i gatene i England den siste veka. Dei plyndrar butikkkar, og er ute etter å øydeleggje mest mogleg. Feige handlingar, som ikkje vil hjelpe dei og deira situasjon det spor. Feige handlingar, som rammar heilt andre enn dei dei er sinte på.

I staden bør vi sjå på alle dei frivillige, som i desse dagar tek opp kostane og skal rydde opp. Alle dei som no sit tilbake med øydelagte butikkar og boligar, utan at dei har gjort noko som helst for å fortene mobben sitt raseri. Og Tariq Jahan, som viser ein betre veg enn hat og vald.


What teachers make

Snart begynner det nye skuleåret, og eg må omstille meg til kvardagsrytme att. Då kan det vere lurt å ta med seg rett fokus i møte med elevane, og kanskje kan den, etter mi meining, geniale poeten Taylor Mali hjelpe meg litt med det? Diktet "What teachers make" har i alle fall eit veldig godt poeng, og riktig fokus i forhold til jobben som lærar. For det er no ein gong slik at ikkje alle heilt forstår kva det verkeleg går ut på. Så her er ein måte å korrigere misoppfatningar på. Viss du ynskjer å sjå Taylor Mali framføre diktet, kan du sjå på linken nederst. Og her er nettsida hans.

What Teachers Make, or
Objection Overruled, or
If things don't work out, you can always go to law school


He says the problem with teachers is, "What's a kid going to learn

from someone who decided his best option in life was to become a teacher?"
He reminds the other dinner guests that it's true what they say about
teachers:
Those who can, do; those who can't, teach.

I decide to bite my tongue instead of his
and resist the temptation to remind the other dinner guests
that it's also true what they say about lawyers.

Because we're eating, after all, and this is polite company.

"I mean, you¹re a teacher, Taylor," he says.
"Be honest. What do you make?"

And I wish he hadn't done that
(asked me to be honest)
because, you see, I have a policy
about honesty and ass-kicking:
if you ask for it, I have to let you have it.

You want to know what I make?

I make kids work harder than they ever thought they could.
I can make a C+ feel like a Congressional medal of honor
and an A- feel like a slap in the face.
How dare you waste my time with anything less than your very best.

I make kids sit through 40 minutes of study hall
in absolute silence. No, you may not work in groups.
No, you may not ask a question.
Why won't I let you get a drink of water?
Because you're not thirsty, you're bored, that's why.

I make parents tremble in fear when I call home:
I hope I haven't called at a bad time,
I just wanted to talk to you about something Billy said today.
Billy said, "Leave the kid alone. I still cry sometimes, don't you?"
And it was the noblest act of courage I have ever seen.

I make parents see their children for who they are
and what they can be.

You want to know what I make?

I make kids wonder,
I make them question.
I make them criticize.
I make them apologize and mean it.
I make them write, write, write.
And then I make them read.
I make them spell definitely beautiful, definitely beautiful, definitely
beautiful
over and over and over again until they will never misspell
either one of those words again.
I make them show all their work in math.
And hide it on their final drafts in English.
I make them understand that if you got this (brains)
then you follow this (heart) and if someone ever tries to judge you
by what you make, you give them this (the finger).

Let me break it down for you, so you know what I say is true:
I make a goddamn difference! What about you?





Eg tek med eit dikt til av Taylor Mali, eit dikt som i seg sjølv er utruleg bra, men som her er gjort endå betre ved hjelp av typografi. Bodskapet i dette diktet er heilt utmerka, og passar godt inn på ... meg, og ... alle andre som ikkje alltid torer seie si ærlege meining og stå for det ein meinar er rett og bra. Eg prøvar å betre dette, og dette diktet er ei god hjelp i rett retning.


onsdag 10. august 2011

Sommar


Når sola skin på spirande gras
Og du ligg på ryggen og
kjenner graset
kitle mot kneet og
Ser på skyene og tenkjer
at: Om du hadde hatt ein solhatt
Skulle du lagt den
over
fjeset og sukka tungt
og lenge
Og tenkt på all isen
ALL DEN ISEN!
du åt
i går
då du var på stranda
saman
med vener og bada

Då - er det sommar